Hopp til innhald

Fagstoff

Naturen og mennesket

Dei siste åra har vi blitt meir og meir urolege. For kva er det vi menneske er i ferd med å gjere med jorda? Klimakrisa bekymrar, men samtidig engasjerer ho! Kva rolle kan litteratur ha i klimakrisa?

Uro for framtida

I programmet Uro undersøkjer Leo Ajkic korleis vi menneske reagerer på klimakrisa. I tillegg lurer han på kvifor vi ikkje klarer å handle, sjølv om vi veit at vi må.

Ordet "uro" illustrerer nok den kjensla mange av oss sit med når vi tenkjer på framtida. Ei undersøking frå Senter for klimaforsking, Cicero, viser at omtrent 60 prosent av dei under 30 år er ganske eller veldig bekymra for klimaendringar (Cicero, 2018).

Uro i media

Denne uroa viser seg i aviser, på TV, på nettsider og i bøker. Ein titt på sosiale medium eller i avisene sine debattsider viser at menneskearten er usamde om den påverknaden han har hatt på naturen dei siste åra. For er det kanskje slik at klimaendringane ikkje er menneskeskapte, men berre ein naturleg variasjon?

Nei, seier forskarane. Derfor er det heller ingen grunn til å stille spørsmål ved dette. Likevel får vi ikkje heilt til å gjere dei endringane i levesett som blir kravde. Vi veit at flyreiser forureinar grufullt. Likevel går vi i klimademonstrasjon fredag og flyr til New York for å shoppe laurdag. Vi klarer berre ikkje la vere! Å leve berekraftig handlar om å undertrykke behova vi har for å hamstre klede, reise til ukjende kontinent og ete kjøt i enorme mengder. Det er krevjande å redusere forbruket vårt.

Økolitteratur

Det er nettopp desse problemstillingane tekstar som blir kalla økolitteratur tek for seg. Økolitteratur er romanar, dikt og noveller som handlar om forholdet mellom mennesket og naturen. Klimakrisa har skapt ei bølgje av litteratur, både i Noreg og utlandet, som utforskar den påverknaden mennesket har på naturen.

Sentralt står òg spørsmålet om korleis vi skal sjå på oss sjølve. Er vi suverene og overordna naturen? Kan vi ture fram som vi vil berre fordi vi kan? Svaret er: jo, vi kan. Ei følgje av den suverene intelligensen vår er evna til å dominere naturen, og med det alle andre artar på jorda. Men no byrjar menneskja å innsjå at viss vi turar fram som vi vil, kan det føre til problem for eigen art.

Kan vi løyse klimakrisa med skjønnlitteratur?

I 2017 skreiv tre forskarar ved Senter for utvikling og miljø (SUM) ein kronikk i avisa Klassekampen. Her kritiserte dei norsk samtidslitteratur som tok for seg forholdet mennesket hadde til klimakrisa og naturen. Årsaka var at romanane dei hadde lese, handla om menneske som fortrengde problema, søkte tilflukt i naturen eller hadde evig dårleg samvit. Forskarane meinte at litteraturen er for melankolsk og ikkje viser kva moglegheiter og strategiar mennesket skal bruke for å løyse krisa:

"Romanene speiler følelser og reaksjoner som de fleste av oss opplever i møte med klimaendringene, spesielt de fornektelsesstrategier mange av oss tyr til for å unngå å ta inn det ubehagelige og skremmende i møtet med klimakrisen." (Endreson, Bjørkdahl og Syse, 2017)

Men kva skal eigentleg skjønnlitteratur gjere med klimakrisa? Er det ikkje med teknologi vi skal løyse han?

Skjønnlitteraturen kan engasjere

Dei tre forskarane meiner at rolla til skjønnlitteraturen kan vere å engasjere folk der vitskapen blir for abstrakt. Den vitskaplege tilnærminga kan nemleg framandgjere folk flest. Rolla til litteraturen blir dermed å vekke menneske på ein måte sakprosa ikkje kan. Litteraturen kan vekke empatien vår med offera for klimakrisa, om det så er barnebarna våre eller menneske frå meir utsette stader i verda som allereie opplever konsekvensane av klimakrisa. I tillegg må ho opplyse om kva vi kan gjere på ein måte som kan vekke interesse.

Forfattaren Maja Lunde har gjort økokritikk til ein bestseljar. Dei tre bøkene Bienes historie, Blå og Przewalskis hest har toppa salslistene og blitt selde til utlandet. Bøkene er lettlesne, og dei har blitt kritiserte for å vere for enkle og overtydelege. Men professor i nordisk litteratur, Sissel Furuseth, skriv: "Men hvor kresne har kritikerne råd til å være i klimakrisens tidsalder? Er det ikke viktigere at budskapet når ut til mange lesere (...)?" (Furuseth, 2019).

Furuseth meiner dessutan at dette er bøker som ikkje er melankolske, men "inspirerer til handling", akkurat slik forskarane som kritiserte norsk litteratur om klimakrisa, etterlyste.

Barnets møte med klimakrisa

Mange barn møter klimakrisa for første gong når dei les bøker saman med foreldra sine. I dag blir det gitt ut barnebøker som skildrar påverknaden til mennesket på naturen. Desse bøkene gir òg barna kunnskap om naturen: Kvifor er biene så viktige for jordkloden? Kva gjer det med oss menneske om ein art blir utrydda? Og kunnskap om dyr, insekt, tre og blomstrar kan kanskje føre til eit ønske om å verne flora og fauna?

Professor i barnelitteratur, Nina Goga, har forska på barne- og ungdomslitteratur som tek opp klimakrisa. På spørsmålet "Kan litteraturen forandre (klima)politikken?", svarer ho:

"Jeg tror ikke litteraturen ene og alene kan forandre noe, men jeg tror litteraturen kan vise frem andre måter å formulere seg om klima, miljø, artsmangfold osv på enn det politikerne, men også naturfagene, kan." (Klungland, 2017).

Tenk over: Har du lese barne- eller ungdomsbøker som kan definerast som økolitteratur?

Ein lang tradisjon

Klimaangst er endå eit relativt nytt tema i litteraturen, men forholdet mellom menneske og naturen har lange tradisjonar i fiksjon.

Naturen i litteratur og kunst på 1800-talet

Den romantiske retninga på starten av 1800-talet dyrka naturen og sette denne høgare enn sivilisasjonen. Mennesket måtte søkje tilbake til naturen, for sivilisasjonen hadde øydelagt bandet som eksisterte mellom menneske og natur.

I Noreg blei naturen det viktigaste motivet i både litteratur og målarkunst. Den unike norske naturen blei dyrka og brukt i nasjonsbyggingsprosjektet.

Brudeferden i Hardanger. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturen i litteratur og kunst på 1900-talet

I førre hundreår byrjar verkeleg bekymringa for påverknaden til mennesket på naturen å vise seg i litteraturen.

Lyrikaren Rolf Jacobsen skriv "seks gravemaskiner kom og åt av skogene mine" (Jacobsen, 1954) og Knut Hamsun får Nobelprisen for å skrive om Isak Sellanraa i romanen Markens grøde. Sellanraa ryddar og dyrkar jorda sjølv, og Hamsun bruker romanen til å kritisere både urbanisering og den menneskelege sivilisasjonen.

I Tarjei Vesaas' roman Fuglane frå 1957 er hovudpersonen Mattis djupt oppteken av naturen. Som lett psykisk utviklingshemma føler han at han kjem til kort i menneske-verda, medan han har ein likeverdig plass i naturen, som ein del av samspelet mellom artane der. Romanen seier på denne måten noko om rolla til mennesket i naturen, der det moderne samfunnet har fjerna oss frå dette naturlege mangfaldet og samspelet.

Allereie i 1989 blei det skrive økolitteratur som kritiserer øydelegginga til mennesket av naturen for eigen skulda til vinning: Gert Nygaardshaug sin roman Mengele Zoo blei ein salssuksess. Han handlar om vesle Mino som bur i Amazonas-jungelen, heilt i pakt med naturen. Han opplever at familien blir drepen av militæret fordi amerikanarane vil bruke skogen til å vinne ut olje. Hendinga gjer Mino til ein hevngjerrig miljøaktivist.

"Han hadde forstått at det neppe kom til å bli flere store kriger i verden. Men en annen krig sto for tur: Den systematiske terroren mot dem som hadde makt til å ødelegge, forpeste og undertrykke, som aldri hadde forstått maurens viktige vandringer, bladenes milde kommunikasjon, dyrenes suverene sanser og helhetens frodige nødvendighet. Han hadde lært at det fantes sammenhenger, kjeder som var lenket og smidd i en tålmodig prosess gjennom millioner av år. Han hadde lært at disse lenkene brutalt ble revet over i et blindt jag etter verdier uten mening og perspektiv." (Nygaardshaug, 1989, s. 288–289)

Økolitteratur i dag

I dag blir det undervist i økokritikk på universitet, og det blir gitt ut mengder av økolitteratur: romanar, barnebøker, dikt, noveller og sjølvsagd sakprosa. Forfattarar skriv dystopiar om korleis framtida kan sjå ut om vi ikkje forandrar leveviset vårt.

Forfattarane lagar historier om personar som trekkjer seg tilbake til naturen. Eit kjent døme er karakteren Doppler, skapt av Erlend Loe, som får nok av forventningane i samfunnet. Han blir bestevenn med ein elg og flyttar ut i skogen. Andre karakterar går til kamp mot dei som øydelegg naturen. I den dystopiske ungdomsromanen Bouvetøya 2052 skriv Lars Mæhle om Roland som er med i organisasjonen Klimavokterne. Han gjer opprør mot dei diktatoriske styresmaktene for å redde klimaet.

Felles for forfattarane som skriv økolitteratur, er at dei ønskjer å delta i debatten med den stemma dei har: fiksjonen si stemme. For viss Henrik Ibsen bidrog til å endre kvinnerolla med historia om Nora som dreg frå mannen sin i dramaet Et dukkehjem, kan kanskje økokritiske romanar gjere det same for miljøkampen?

Kjelder

Bjørkdahl, K, Endreson T.K. og Syse, K.L. (2017). "Kli-fi på villspor/Klimakrisen i norsk samtidslitteratur. Henta frå https://forfatternesklimaaksjon.no/2017/12/22/kli-fi-pa-villspor-klimakrisen-i-norsk-samtidslitteratur/.

Cicero (2018). Klimaundersøkelsen 2018. Henta frå https://cicero.oslo.no/no/act-prosjektet/klimaundersokelsen-2018

Furuseth, S. (2019). Håpets betydning i norsk klimalitteratur. Henta frå https://forfatternesklimaaksjon.no/2019/08/12/sissel-furuseth-hapets-betydning-i-norsk-klimafiksjon/.

Jacobsen, R. (1954). "Landskap med gravemaskiner" frå Hemmelig liv. Gyldendal. Oslo.

Klungland I.T. (10.11.2017). Kan litteraturen påvirke (klima)politikken. Henta frå https://barnebokinstituttet.no/aktuelt/kan-litteraturen-pavirke-klimapolitikken/

Nygardshaug, G. (2014a [1989]). Mengele Zoo. Oslo: Juritzen forlag.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket