Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er sakprosa?

Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Felles for saktekstane er at dei handlar om røyndomen, om verda vi lever i. Utover dette kan saktekstar vere svært ulike. Alt frå matoppskrifter, tryggleiksinstruksar, møtereferat og nyheitsartiklar til brev, kåseri og essay er saktekstar.

Omgrepa saktekst og sakprosa blir ofte brukte om kvarandre, men saktekstomgrepet har ei litt vidare tyding: Saktekst dekkjer både munnlege, skriftlege og samansette tekstar, mens sakprosa først og fremst blir brukt om tekstar der skrifta speler ei viktig rolle.

Begrepet prosa

Ordet er henta frå latin, der orátio prósa tyder "likefram tale", det vil seie tale utan fast rytme, rim og strofer.

Funksjonell og litterær sakprosa

Sakprosatekstane kan vi dele inn i to hovudgrupper: funksjonell sakprosa og litterær sakprosa. Til den funksjonelle sakprosaen reknar vi alle brukstekstane vi møter i kvardagen og i samfunns- og yrkeslivet. Desse tekstane har gjerne ein heilt konkret, praktisk funksjon: Branninstruksen fortel oss kva vi skal gjere dersom det brenn i eit bygg, bilreportasjen informerer oss om nye bilar på marknaden, og matoppskrifta hjelper oss å lage ein ny matrett. I mange tilfelle er det uviktig kven som har skrive teksten. Det som tel, er at teksten gjer jobben sin, at han fungerer etter formålet.

Litterær sakprosa er sakprosatekstar som er skrivne av namngitte forfattarar som vender seg til offentlegheita. Denne typen sakprosa finn vi som oftast i bøker og tidsskrift, av og til òg i andre massemedium. Døme på litterær sakprosa er essay, kåseri, biografiar, reiseskildringar og artiklar om ulike emne.

Vi forventar ikkje at vi skal ha direkte praktisk nytte av ein litterær sakprosatekst, men vi har sjølvsagt forventningar til lesinga. Vi ønskjer kan hende å lære meir, vi vil vite kva andre tenkjer, vi vil glede oss over godt språk eller rett og slett bli underhaldne. Røyndomen kan ofte vere minst like spennande som fantasien!

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Essay