Tekstdøme debattinnlegg
Éin dag i året, 24. april, har forsøksdyra fått. Denne dagen er internasjonal og fastsett av dei ulike dyrevernorganisasjonane i verda. Håpet er at dagen skal få fleire menneske til å tenkje på dei mest forsvarslause og plaga dyra som finst.
Millionar på millionar av dyr blir haldne innesperra i laboratorium, og dei blir utsette for dei mest pinefulle forsøka. Det finst ingen dyrevernlov som kan hindre misbruk. Her i Noreg er forskinga attpåtil halden hemmeleg, slik at offentlegheita ikkje får innsyn i kva som skjer.
Mange forsvarer forsøk på dyr med at dei er til det beste for menneska. Då skal du vite at dei aller fleste forsøka på dyr gjeld kosmetikk, reingjeringsmiddel og liknande! I tillegg gjev dei medisinske forsøka ofte svært usikre resultat.
Dei største helseproblema for menneska i dag er dei såkalla livsstilssjukdommane. Dette er sjukdommar vi får fordi vi lever usunt. Kvifor skal forskarane plage dyr for å finne medisinar mot slike sjølvforskyldte sjukdommar? Vi menneske burde heller endre levevanane våre. Vi har ingen rett til å la kaninar, rotter, apar, hundar og andre dyr lide for vår skuld!