Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstehjelp til novelleskriving

Av og til er det vanskeleg å kome i gang med skrivinga. Denne metoden kan kurere idétørke.

Oppgåve

Del 1

  1. Skriv eit tal mellom 10 og 100.
  2. Skriv eit namn under talet.

Du har no skapt ein karakter i ein skjønnlitterær tekst. Kven blei det? Uansett om det blei Kåre (99) eller Ane (11), skal du halde deg til denne karakteren.

Bruk ti minutt til å beskrive utsjånaden og veremåten til denne karakteren. Ver nøyaktig. Du kan gjere dette ved å svare på spørsmåla under.

  • Korleis ser håret ut? Kva med nesa, auga og kroppen?
  • Kva ansiktsuttrykk har karakteren din? Kvifor har hen nettopp dette ansiktsuttrykket?
  • Korleis går karakteren din? Beskriv nøye.
  • Kva synest karakteren din om andre menneske?
  • Korleis er humøret til karakteren din?

Del 2

Sjå for deg karakteren din ståande eller sitjande ein stad. Det kan til dømes vere i eit rom i notid eller i ein park i fortid (opplys om årstal). Beskriv staden karakteren er på nøye:

  • Korleis ser det ut der? Bruk adjektiv for å forklare.
  • Kva lukter er det?
  • Kva fargar dominerer?
  • Korleis er stemninga?
  • Kva årstid er det?

Du har no laga ei miljøskildring. Du er godt i gang med teksten din, for no har du både laga ei person- og miljøskildring.

Del 3

Kvifor er karakteren din på denne staden? Skriv fritt om dette. Du kan godt gå tilbake til dagen før eller til eit minne frå fortida. Er det noko hen oppsøkjer der?

Del 4

Hovudpersonen din har eit problem: Det er noko hen ønskjer seg som er vanskeleg å få, eller kanskje det er noko hen ikkje får til som hen ønskjer å meistre. Skriv ned:

  • Kva er problemet?
  • Kvifor har karakteren dette problemet?

No har du laga ein konflikt. Konflikten i ei historie er det som driv handlinga framover, for korleis skal personen din gå fram for å løyse denne konflikten?

Del 5

  1. Planlegg historia: Er skildringa av miljøet starten, midtdelen eller avslutninga på teksten din? Er det kanskje her karakteren din skal vere på slutten når konflikten blir løyst / held fram med å vere uløyst? Eller er det her det heile startar?
  2. Korleis skal det gå med problemet? Går du for ein lykkeleg slutt der karakteren din løyser alt, eller skal du lage ein open slutt som overlet noko til fantasien til lesaren?
  3. Kva andre personar skal karakteren din møte? Kva rolle skal desse ha i konflikten?

Del 6

Skriv novella!

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Irene Løstegaard Olsen og Marit Krogtoft.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Å skrive kreativt