Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er reklame?

Reklamen gjer oss medvite behov vi eigentleg ikkje visste at vi hadde og fortel oss deretter korleis bestemde varer eller tenester kan tilfredsstille desse behova.
Nedsnødd bil i eit kvitt landskap med ein stor reklameplakat for fargerike tulipanar i bakgrunnen. Teksten på plakaten er "En flørt med farger". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er reklame?

Ordet reklame kjem av det latinske ordet reklamare som betyr "å rope ut". Reklame er eit viktig hjelpemiddel for ein produsent som ønskjer å selje ei vare eller ei teneste. Reklame kan òg informere og skape merksemd rundt ein idé, påverke folk sine haldningar og oppmode til aktivitet. Vi kan dele reklame i to hovudgrupper: dei som skal overtale og dei som skal informere.

Kjenner du til kva forkortinga AIDA står for?

AIDA er ein huskeregel som beskriv kva ein reklame skal gjere:

  • attention (skape merksemd)
  • interest (skape interesse)
  • desire (skape eit behov eller ønske)
  • action (få mottakar til å handle)

Først må kundane bli merksame på produktet vi kan tilby, så må dei bli interesserte i det. Neste steg er at dei skal ønskje seg produktet, og til slutt skal dei kjøpe det.

Reklamen gir tilleggsverdi

Vi som bur i Noreg, har tilgang til ei mengde produkt som er nesten like. Kor mange ulike typar tannkrem står i hyllene i nærbutikken din? Kor mange ulike jeans har du å velje mellom der du handlar klede? Når utvalet er så stort, er det i første rekkje reklamen som utgjer forskjellen på om eit produkt får merksemd eller ikkje. Reklamen gir produktet ein tilleggsverdi. Tannkrem gir oss ikkje berre reine tenner, men òg sjølvtillit!

Ulike former for reklame

  • Produktreklame
    Produktreklame fortel om eigenskapane til produktet og korleis det kan brukast. Det blir reklamert for produkt i alle medium, anten ope eller skjult. Skjult reklamering blir kalla produktplassering. Dette er stadig vanlegare i spelefilmar, tv-seriar, musikkvideoar og teikneseriar.
  • Direktereklame
    Reklame som blir levert direkte i postkassa eller via telefon, aukar i omfang. Det er mogleg å reservere seg mot slik direktereklame, men mange aviser tilbyr annonsørar å leggje ved eigne annonsebilag som innstikk. Slik omgår ein reservasjonen til kunden.
  • Utandørsreklame
    Lysreklamar, reklamesøyler, reklamar på bilar og bussar, veggflater og så vidare er døme på utandørsreklame. Kanskje går du sjølv òg rundt som ein levande reklameplakat med klede som reklamerer for sitt eige produktnamn?
  • Personleg reklame
    Informasjon om bruk av internett og sosiale nettverk har ført til at reklamen i dag ofte vender seg direkte til deg, skreddarsydd for deg og dei interessene du har. Ei viktig inntektskjelde for Facebook er mellom anna å selje vidare informasjon om profilen din til aktuelle annonsørar.
  • Innhaldsmarknadsføring
    Innhaldsmarknadsføring er artiklar i ei nettavis, merkt som annonsørinnhald. Dei liknar ordinære nyheitsartiklar, men er reklame for eit produkt eller ei teneste. Fordi reklamen liknar journalistisk innhald, låner det truverdet frå avisa.

Verkemiddel i reklame

Reklamen bruker ulike mediekanalar for å nå ut med bodskapen sin til potensielle kundar. Måten reklamen er utforma på, er viktig, anten vi snakkar om ein reklameplakat, ein reklamefilm eller ein radioreklame. Reklamen er utforma slik at han utnyttar moglegheitene i kanalane han blir publisert i og tilpassa målgruppa.

Reklame som samansett tekst

Ein reklame er gjerne sett saman av det vi kallar ulike , avhengig av kva mediekanal han er publisert i.

Anten du skal analysere eller lage ein reklame, må du tenkje over moglegheitene som ligg i kvar modalitet: Korleis styrkjer komposisjon, fargar og symbolikk i bileta bodskapen i reklamen og påverkar mottakaren? Det same gjeld verbalteksten: Korleis kan språklege verkemiddel som rim, ordspel, metaforar og gjentakingar forsterke bodskapen? Deretter ser du på korleis verbaltekstar og bilete speler saman for å overtale eller informere mottakaren.

I radioreklamar er det berre lyden som skal få fram bodskapen. Det kan vere ein kombinasjon av verbaltekst, effektlydar og/eller musikk. Her bør du òg sjå på enkeltelementa før du vurderer heilskapen: Korleis blir stemma brukt? Du kan sjå på tempo, trykk, stemmestyrke og toneleie. Kva slags stemning skaper lydeffektar og musikk? Korleis speler stemme, effektlydar og musikk saman?

Kunnskap om målgruppe viktig

Dei som står bak ein reklame gjer alltid eit grundig forarbeid når dei skal kommunisere ut til kundane. Dei avgrensar målgruppa si og skaffar seg kunnskap om ho, slik at dei kan gi bodskapen ei form som målgruppa liker og kjenner seg igjen i.

Vil dei til dømes vende seg til ungdom, må dei kjenne til humoren og språkbruken til denne målgruppa. Ikkje nok med det: Dei må òg finne ut kva referansar og erfaringar som er spesifikke for ungdomar og utnytte denne kunnskapen aktivt i kommunikasjonen.

Konteksten til reklamen

Bak ein vellykka reklame ligg det altså både kunnskap om verkemiddel i tekst og om målgruppa, men òg ei forståing av konteksten til reklamen. Reklamen skal fungere i ein kulturell kontekst og følgje spelereglane for kva som passar seg, til dømes i ungdomskulturen.

Situasjonen må òg vurderast om du skal lage eller analysere ein reklame. Han kan tolkast ganske annleis enn tenkt frå avsendar viss det skjer noko i samfunnet som reklamen kan knytast opp mot. Eit døme er at ein reklame for ei mild handsåpe treffer langt fleire når smittesituasjonen rundt koronaviruset gjer at alle må vaske hendene sine ofte. Det finst òg døme på at reklameannonsar har fått uheldige plasseringar i aviser, som ein reklame for motorsyklar som har hamna ved sida av ein notis om ei dødsulykke.

Tenk over: Har du sett ein reklame som har "bomma"? Kva var årsaka?

Reklamen vil òg lesast opp mot andre tekstar som liknar, anten i uttrykk eller at han konkret spelar på andre tekstar. Eit tydeleg døme på ein slik intertekstualitet finn du i reklamefilmen for kjøtkaker frå Fjordland. Reklamen speler på eventyret om Espen Askeladd. Då oppstår det eit nytt lag i teksten, fordi vi knyter assosiasjonane til begge tekstar saman.

Reklamefilmen for Fjordland (Youtube.com)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Live Marie Toft Sundbye og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Å skrive analyse av samansette tekstar