Praktisk feilsøking av kode
Når du skal feilsøkje kode, bør du stille deg sjølv nokre spørsmål:
- Kva ønskjer du at koden skal gjennomføre?
- Kva skjer når du køyrer koden?
- Kvar i prosessen skjer feilen som oppstår?
Dersom du skal feilsøkje i JavaScript-kode, vil det vere naturleg å bruke utviklarverktøya som du finn i menyen i nettlesaren din. Dei ulike nettlesarane har i tillegg eigne hurtigtastar for å opne utviklarverktøya:
Chrome
Ctrl+Shift+J (Windows) og Ctrl+tilvalg (⌥)+J
Edge
Trykk F12 på tastaturet.
Firefox
Ctrl+Shift+K (Windows) eller Ctrl+tilvalg (⌥)+K
Safari
Når du programmerer med JavaScript, kan du bruke den innebygde funksjonen console.log()
. Med denne funksjonen vil du til dømes kunne skrive ut meldingar i konsollvindauget. Konsollvindauget finn du i utviklarverktøya i nettlesaren din. Under kan du sjå eit eksempel på korleis console.log()
kan brukast for å skrive ut verdien frå ein variabel:
I enkelte tilfelle vil det kunne vere formålstenleg å kommentere ut kode for å finne feilen. Ved å skrive //
føre ei linje med kode vil denne koden ikkje bli køyrt. Har du ein større del av koden som sannsynlegvis er feil, kan du bruke /*
føre og */
bak for å kommentere denne koden.