Hopp til innhald

Fagstoff

Andre typar pådragsorgan

Sjølv om ventilen er det absolutt mest populære pådragsorganet i prosessindustrien, finst det òg andre typar.
Pakkar på eit transportband. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transportband

Transportband blir brukte til svært mange oppgåver. Du har sikkert sett slike på flyplassar, der blir dei brukte til å transportere bagasje. Men transportband er mykje nytta i industrien òg. Store steinblokkar, kol, trefliser og fiskefiletar er berre nokre få eksempel på kva som kan transporterast på eit transportband. Kan du komme på andre ting?

Transportbandet består av to eller fleire hjul og eit band som går rundt desse hjula. Bandet må vere bøyeleg, og det er ofte laga av gummi.

Mange transportband går med fast fart, men det er òg mogleg å bruke elektriske motorar med variabel fart. Då er det lettare å regulere kor mykje bandet skal transportere.

Det går òg an å montere vekter under bandet. På denne måten veit ein heile tida kor mykje som blir transportert.

Cellematar

Ein cellematar er ei innretning som ofte blir nytta når vi handterer pulver og andre faste partiklar.

Cellemataren består av ein rotor med blad. Rotoren er montert inne i eit rotorhus. Blada på rotoren tettar mot rotorhuset. På denne måten får vi små “celler” med eit gitt volum.

Ein elektrisk motor med fart som kan justerast, er gjerne kopla til rotoren via ein aksling. Slik kan vi justere mengda som strøymer gjennom cellemataren.

Eit anna alternativ er at det kan stå ein steppmotor i cellemataren. Den kan styrast med tanke på rotasjon og pause. I denne rotoren kor det er 8 celler kan steppmotoren vri seg 45º (360/8) og ta til dømes ett sekund pause.

Som regel blir ein cellematar brukt til å regulere mengda av stoff som strøymer ut frå botnen av ein tank.

Prinsippskisse av ein cellematar. Vi ser innløp, hus, celle, dreieretning, rotor og utløp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2018

Læringsressursar

PID-regulator