Hopp til innhald

Fagstoff

Direkteverknad og reversverknad

I tillegg til at det går an å stille på tre parametrar i PID-regulatoren, er det ei anna innstilling som er svært viktig: Når avviket i reguleringssløyfa aukar, i kva retning skal pådragsorganet då gå? Skal cruisekontrollen i ein bil auke eller minke drivstofftilførselen når farten er for høg?

Dei to måtane å styre pådragsorganet på kallar vi direkteverkande og reversverkande. La oss sjå på korleis dette fungerer når vi for eksempel skal regulere nivået i ein tank. Vi bruker ein ventil for å regulere nivået i tanken, og dette kan gjerast på to ulike måtar.

Reversverkande regulator

I tanken i den første figuren nedanfor renn det heile tida ut litt væske (forbruk). For å halde nivået konstant har vi ei reguleringssløyfe som sørgjer for ein passande tilførsel (pådrag) av væske. Dersom ein opnar reguleringsventilen meir, vil væskenivået i tanken auke. Dette er eit eksempel på ein reversverkande regulator.

Ein reversverkande regulator er sett opp slik at pådraget aukar når er-verdien er mindre enn skal-verdien.

Direkteverkande regulator

Noko ein òg kan gjere, er å ha ein jamn tilførsel av væske inn på tanken, og så regulere mengda som går ut av tanken. Då vil det vere slik at dersom ein opnar reguleringsventilen meir, vil væskenivået i tanken søkke. Ser du at dette er motsett av det som var tilfellet i det førre eksemplet? No har vi ein direkteverkande regulator.

Ein direkteverkande regulator er sett opp slik at pådraget aukar når er-verdien er større enn skal-verdien.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2018

Læringsressursar

PID-regulator