Hopp til innhald

Fagstoff

Parallellkopling

I ei parallellkopling er dei elektriske komponentane kopla ved sida av kvarandre.
 Batteripakke for norskprodusert elektrisk bil: Think. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Parallellkopling

Parallellkopling er den vanlegaste måten å kople saman forbruksapparat til ei spenning. Heime blir alle lamper, panelomnar, komfyr, vaskemaskin osv. til 230 V-uttaka, parallellkopla.
Alle lampene, varmeelementa og dei elektriske motorane i ein bil blir kopla gjennom kablar og sikringar til det same 12 V-batteriet i parallellkopling.

Frå spenningskjelda går det straum til kvart av forbruksapparata. Den samla straumen som går ut frå kjelda, blir summen av alle straumane. Dette fann Kirchhoff ut og laga sin første setning: Summen av alle straumane til eit knutepunkt er lik summen av alle straumane frå det same knutepunktet.

Viktige reglar når du arbeider med parallellkopling:

  • I ei parallellkopling er spenninga lik i heile kretsen, straumen fordeler seg over forbrukarane.
  • I ei parallellkopling er alltid totalresistansen (erstatningsresistansen) mindre enn den minste enkeltresistansen. Når vi har fleire parallelle forbrukarar, må erstatningsresistansen bereknast med denne formelen.

1R=1R1+1R2+1R3+1R4 ···



Oftast har vi ikkje reine seriekoplingar eller parallellkoplingar, men ei blanding av desse to koplingstypane.


Serie- og parallellkopling av straumkjelder

Storleiken på eit batteri blir oppgitt i spenning og kapasitet. Har vi eit batteri der spenninga er på 12 volt (V), og kapasiteten er 60 amperetimar (Ah), betyr det at eit fullt opplada batteri kan levere ein straum på 1 ampere i 60 timar før det er utlada. Vi kan auke spenning eller kapasitet ved å kople saman fleire batteri.

Nokre eksempel:

  • Når vi seriekoplar to batteri, 12 V, 60 Ah, får vi ei spenningskjelde på 24 V, men kapasiteten er framleis 60 Ah.
  • Når vi parallellkoplar to batteri, 12 V, 60 Ah, får vi ei spenningskjelde på 12 V, men kapasiteten er auka til 120 Ah.
  • Har vi ei lommelykt med ei 4,5 volt lyspære, må vi seriekople tre batteri på 1,5 volt for å få rett spenning. Skal du gi starthjelp til ein bil med svakt batteri, må du parallellkople batteria for å auke kapasiteten utan at spenninga aukar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2019

Læringsressursar

Elektrisitet