Hopp til innhald

Fagstoff

Seriekopling

I ei seriekopling er fleire komponentar i ein elektrisk krets kopla etter kvarandre.
Juletre med lys og raud kule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seriekopling


I ei juletrebelysning er alle lampene seriekopla. Alle lampene lyser like sterkt, noko som betyr at alle lampene trekkjer like mykje straum.

Det må altså vere like stor spenning over kvar enkelt lampe. Ikkje alle seriekoplingar fordeler spenninga likt over forbrukarane, men straumen er lik i alle ledda.

I elektroteknikk vil vi snakke om forskjellige potensiale. Vi samanliknar då to eller fleire spenningar sett opp mot eit fastlagt referansepunkt. På den måten kan vi få positive og negative potensiale eller spenningar.

Seriekopla forbrukarar

Vi veit frå før at straumen går frå pluss til minus i ein likestraumkrets, og at straumen er like stor i heile kretsen. Spenninga er høg på plusspolen til batteriet og låg på minuspolen.
Totalresistansen (resultantresistansen) i ei seriekopling er lik summen av enkeltresistansar.
Rt = R1 + R2 + R3 + R4 + . . .

Rt = 4 Ω + 8 Ω + 2 Ω + 10 Ω = 24 Ω

Nokre viktige hugsereglar:

  • I ei seriekopling er totalresistansen lik summen av alle enkeltresistansane.
  • I ei seriekopling er straumen lik i heile kretsen, spenninga fordeler seg over forbrukarane etter kor stor motstand straumen møter. Merk: I ei seriekopling er summen av delspenningane lik spenninga på spenningskjelda.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2019

Læringsressursar

Elektrisitet