Hopp til innhald

Fagstoff

Energi, energikjelder og energibruk

For å dekkje behovet vårt for energitenester har vi tilgang til energi frå fleire kjelder. Her skal du lære meir om kva energi er, korleis energi oppstår, og korleis ein kan utnytte energi.

Elektrisitet

I kvardagen blir elektrisitet brukt i ei rekkje samanhengar. Vi er vane med å bruke elektrisk straum til lys, oppvarming og elektriske motorar på ulike reiskapar. Straum blir òg brukt meir og meir til drift av elektriske bilar, grasklipparar og påhengsmotorar. Dette er berre nokre av dei eksempla som kan nemnast.

Nokre metodar for produksjon av elektrisk energi er svært gamle. Menneska framstilte elektrisitet for første gong ved å gni eit skinn mot rav.

Sola som energikjelde

Med unnatak av atomenergi har dei fleste energiformene vi kan utnytte, sola som den opphavlege kjelda si. Solvarme får havvatn til å fordampe, og dampen blir til nedbør når han blir avkjølt. Dette evige krinsløpet gjer det mogleg å produsere vasskraft. Luft som blir varma opp av sola, skyv på kald luft og skaper vind og på same tid bølgjer i vatn.

Ved hjelp av fotosyntese gjer plantar sollys og karbondioksid om til karbohydrat og oksygen. Slik blir dei karbonsambanda som gjer det mogleg å utnytte trevirke som brensel, danna. I si tid var dette òg kjelda for danning av fossile brensel (kol, olje og gass), men denne utviklinga har teke over hundre millionar år.

Den tilgjengelege energien kjem frå sola som elektromagnetisk stråling. Når ho treffer jorda, blir ho danna om til andre energitypar. Dei ulike energitypane kan dannast om til brukande energi på ulike måtar og med ulik verknadsgrad.

Kvalitetsnivå

Ulike energitypar blir karakteriserte med eit kvalitetsnivå avhengig av i kva grad vi kan nytte den gitte energien. Energi med høgt kvalitetsnivå er elektrisk energi, mens termisk energi har lågt kvalitetsnivå. Det er ikkje mogleg å overføre all energien frå ein type med lågare kvalitet til ein med høgare. Det vil derfor alltid vere energitap når ein nyttar varme til å produsere elektrisk energi.

Tilgang på energi

Eit moderne samfunn er avhengig av sikker tilgang på energi. Energi er nødvendig for å drive maskinar og prosessar, som i neste omgang blir brukte til produksjon av varer og tenester som mat, klede, hus, transport og helse. Vi treng dessutan energi til oppvarming av bygningar, til lys og til å kjøle innelufta på varme dagar.

Vi hentar den energien vi treng, frå ulike kjelder med ulike eigenskapar. Nokre er fornybare, andre ikkje. Utnyttinga av kjeldene kan føre til forureining av miljøet rundt oss. Det kan vere utslepp av klimagassar, men òg estetisk forureining, støv eller andre påverknader av nærmiljøet. Det er god miljøpolitikk å nytte energi som skader miljøet minst mogleg.
All energiproduksjon har som mål å dekkje menneskelege behov. Ulike ENØK-tiltak går ut på å redusere energibehovet til sluttbrukaren.

Effektiviseringar knytte til rehabilitering og nybygging er tiltak som gir verknader i eit langsiktig perspektiv. Målet må vere å redusere energibruken så godt det let seg gjere utan at levestandarden blir redusert.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2018

Læringsressursar

Elektrisitet