Hopp til innhald

Fagstoff

Resistoren

Mange kallar resistoren for motstand – gjerne det– men vi får hugse på at vi har mange slags motstandar i elektrisitetslæra.
Resistor med fargekodar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi bruker resistorar for å avgrense straumen i ein krets. Ein stor resistor slepper lite straum gjennom seg, mens ein liten resistor slepper mykje straum fram.

Trådvikla resistorar blir ofte brukt der vi har behov for å kunne variere resistansen. Når vi skal setje inn ein resistor, må vi vite kor mange ohm han skal vere, og kor stor effekt han må kunne ta opp.

I all elektronikk finn vi store mengder med resistorar som er med og styrer styrken på straum og spenning til alle signal.

Fargekodar

Tolking av fargekodar på motstandar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre resistorar får gitt verdien sin med påstempla tal. Men det vanlegaste er at det blir brukt fargeringar som fortel verdien.

Det betyr at vi må lære oss denne fargekoden. Fargekoden kan likne litt på fargane i regnbogen og svart og kvitt, men kan òg innehalde gull og sølv.

Les meir om fargekodar for motstandar hos naturfag.no

Prøv fargekodekalkulator for motstandar hos digikey.no

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2021

Læringsressursar

Elektrisitet