Kva er elektrisitet? - Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Kva er elektrisitet?

Elektrisitet er svært viktig for oss menneske, men det kan også vere dødeleg, og derfor treng vi å forstå. Vanlegvis kan du ikkje sjå elektrisitet, men du kan sjå lynet – ei massiv energikjelde som viser kor store krefter som kan vere i sving. For sikkert arbeid er det best å ha kunnskap.

Denne første bolken fortel kva elektrisitet er. Det er best å byrje med omgrepa som gjer elektrisitet til noko vi kan snakke om, nemleg spenning, straum, motstand og effekt.

Spenning – blir målt i volt (V)

Spenning har symbolet U og blir målt i volt. Du vil lære meir om mellom anna batterispenning på bil eller motorsykkel, som vanlegvis er 12 V (volt). I større samanhengar snakkar vi om kV, eller kilovolt. 1 kV = 1 000 V.

Motstand (resistans) – blir målt i ohm (Ω)

Motstand, eller resistans, har symbolet R og blir målt i ohm (Ω) eller kiloohm (kΩ). Motstand er svært viktig i ein krins eller eit krinsløp. Du kan kanskje samanlikne det med ei vasskran: Du vil gjerne ha vatn når du treng det, men ikkje heile tida, og du vil også ha passe trykk når du fyller vassglaset ditt. Omtrent slik fungerer ulike typar motstandar.

Spenning og motstand. Video: Haldor Hove / CC BY-SA 4.0

Straum – blir målt i ampere (A)

Straum har symbolet I og blir målt i ampere (A).

Du må tenke over om du har kopla rett, før du måler straum. Video: Haldor Hove / CC BY-SA 4.0
Video: Zoaring as / CC BY-SA 4.0

Effekt – blir målt i watt (W)

Effekt blir målt i watt (W) eller joule (J). Viss det er store tal, kan vi bruke kilowatt (kW). Effekt er ein annan måte å fortelje om arbeidet som blir gjort, på. Energi handlar her om elektrisk arbeid.

Varmetrådar i bilruta

Bakruta på ein bil, til dømes, har varmetrådar som kan ta bort is når det er minusgradar ute. Då må det gjerast eit arbeid, og vi må bruke energi, elektrisk energi. Vi treng ei spenning, og vi treng ein krins (leidning eller trådar) som straumen kan bevege seg gjennom. Så treng vi motstanden som blir skapt gjennom den tynne tråden av riktig material, som gjer at isen smeltar av ruta. Slik får vi gjort arbeidet. Men vi treng rett effekt, eller styrke, på arbeidet. For liten effekt (målt i W) vil gjere at det tek alt for lang tid å varme opp ruta. For mykje effekt gjer at vi sløser med energi, slik at ruta blir for varm, og vi i verste fall tappar batteriet for spenning.

Kva er effekt? Video: Kunnskapsfilm / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Bjørn Dølving og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022