Fordelar med pneumatikk
Trykkluft som energiform har mange fordelar. Nokre av desse er:
- kan lagrast på ein tank klar til bruk
- er eit raskt arbeidsmedium
- er ein av dei få metodane vi har for å utføre rettlinja bevegelsar
- er miljøvennleg
- er brann- og eksplosjonssikkert
- er overbelastningssikkert
Trykkluft
Trykkluft er samanpressa luft – komprimert luft. Til å komprimere luft blir det brukt ein kompressor. Kompressorar lærer du meir om på VG2 produksjon og industriteknikk dersom du vel å gå den vegen, så det går vi ikkje nærare inn på her.
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019