Hopp til innhald

Fagstoff

Avbalansering dekk

Vi ser her på avbalansering av dekk. Veit du kvifor bilen ristar på rattet? Det er godt mogleg at dekket er blitt skada eller treng ei ny avbalansering.

Å avbalansere betyr å bringe i likevekt

Det er kanskje lett å tenkje at dekk og felg er heilt i orden når du kjøper det heilt nytt? Om du ikkje skal bruke dekket, ser både dekket og felgen flotte ut. Ingen problem. Det som er utfordringa, er når dekk og felg skal rotere rundt i ganske store hastigheiter.

Omdreiingar og balanse

Det som vi ikkje ser så godt, er kor godt sjølve felgen og dekket er støypt, og då massen som er rundt. Her kjem sikkerheita inn, og det er no vi treng å vere sikre på at dekket er i likevekt eller balanse, uavhengig av rotasjonane eller omdreiingane dekket får.

Dekket og felgen er det einaste som har kontakt med bakken. På ein bil er det fire "handflater", som skal sikre oss godt veggrep i all slags vêr og føre.

Då må sikkerheita vere i førarsetet.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2019

Læringsressursar

Lette køyretøy