Berekraft i verdikjeda
Omgrepet verdikjede blir brukt om prosessen frå råvare og fram til eit ferdig produkt som blir selt til sluttbrukar. I dag fører teknologiske endringar og berekraftsutfordringar til at vi må gripe inn og tenkje heile verdikjeder på nytt. Dette må vi gjere for å sikre berekraft i alle ledd av kjeda.