Forretningsplan i eit berekraftsperspektiv
Sjå filmen Forretningsplan og berekraft. Skriv ned tips og informasjon som blir gitt i filmen om arbeid med forretningsplan, og skriv ned kva som kjenneteiknar ein god forretningsplan.
Kva er ein visjon?
I filmen blir betydninga av ein visjon framheva. Kvifor er det viktig å ha ein visjon?
Kva er ein forretningsidé?
Kva for nokon spørsmål skal forretningsidéen svare på?
Business Model Canvas er eit verktøy for å utvikle ein forretningsmodell. Bruk eigne ord til å gjere greie for Canvas-modellen.
Ta utgangspunkt i informasjonen frå filmen, og utforsk nettsidene til Looping, Packoorang og Optimera. Lenker finn du i den ekspanderande boksen.
Kva kjenneteiknar forretningsplanen til dei tre bedriftene? Beskriv og gi døme.
Korleis kjem det fram at dei legg vekt på berekraft?
Skriv ned forslag til ei formulering av visjon for Looping, Packoorang og Optimera.
Skriv ned forslag til formuleringar av forretningsidé for Looping, Packoorang og Optimera.
Kva kjenneteiknar berekraftige forretningsmodellar? Bruk gjerne informasjon om Looping, Packoorang og Optimera, og gi konkrete døme.
I filmen blir betydninga av å tore å "pitche" forretningsidéen framheva.
Lag ein pitch for anten Looping, Packoorang eller Optimera.
Framfør pitchen for ei anna gruppe eller i klassen.
Du finn tips til å lage ein pitch i artikkelen "Pitch og NABC-metoden".
Skriv ti tips for å lage ein god forretningsplan i eit berekraftsperspektiv. Ta utgangspunkt i følgande ressursar:
Notat frå oppgåve 1
Filmen Forretningsmodell (2 min), som forklarer korleis Business Model Canvas kan bidra til å skape struktur og oversikt i arbeidet med å utvikle ein forretningsmodell
Relatert innhald
Forretningsideen fortel kva bedrifta skal gjere, og forretningsmodellen fortel korleis bedrifta skal gjere det i praksis.
For å nå berekraftsmåla som blir sette for næringslivet, vil bedrifter måtte utforme meir sirkulære forretningsmodellar.