Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: reportasje om internasjonal mediepolitikk

Lag ein avisreportasje om mediepolitikk i to land i ulike verdsdelar. Med dette oppdraget får de øving i å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.
Eit digitalt verdskart forma av blå og kvite lysstrålar som stig opp frå ein mørk bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Del klassen inn i mindre grupper. Kvar gruppe får i oppgåve å lage ein reportasje om internasjonal .

Målet med reportasjen er å gi mottakarane auka kunnskap om internasjonal mediepolitikk og gjere det lettare for dei å forstå nyheitsbiletet i dag.

  • Reportasjen skal handle om eigarforhold, og mediepolitikk i to land som ligg i kvar sin verdsdel. Reportasjen skal ikkje handle om Noreg.

  • Reportasjen skal vere forma som ein avisreportasje som kan bli publisert i ei riksdekkjande papiravis eller nettavis.

  • Reportasjen skal innehalde bakgrunnsstoff, arkivbilete, eit intervju med ein person som har god kjennskap til internasjonal mediepolitikk, og eit intervju med ein person med bakgrunn i eit av dei omtalte landa.

Arkivbilete og lisensiering

De kan bruke arkivbilete som tidlegare er publiserte i nettaviser. Hugs å oppgi namnet til fotografen og rett lisens. Bakgrunnsstoff og intervju skal de lage sjølve, bygd på grundig .

Set saman reportasjen

Reportasjen skal de setje saman ved hjelp av eit digitalt verktøy for utforming av trykte publikasjonar eller eit verktøy for design av nettsider.

Designet skal bestå av ein fengjande tittel, ein som stimulerer til vidare lesing, og informative . Bileta skal fungere som , men samtidig vere informative. Alle bilete skal ha bilettekst. Bilete skal også ha ein alt-tekst (alternativ tekst) med tanke på .

Etterarbeid og eigenvurdering

De skal presentere arbeidet munnleg for læraren og klassen saman med ein rundt produktet og prosessen. De skal også reflektere over kva de lærte av å utføre dette arbeidsoppdraget.

Kvar elev kan bruke verktøyet for eigenvurdering nedanfor som ei førebuing til presentasjonen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Produser medieforteljingar på nye måtar