Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: videoblogg om internasjonal mediestruktur

Lag ein videoblogg der de fortel om og drøftar sentrale trekk ved den internasjonale mediestrukturen. Oppgåva kan vere ei øving i å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve.

Målet med denne oppgåva er

  • å utforske sentrale trekk ved den internasjonale og

  • å utforske konsekvensane av global mediedistribusjon

  • å drøfte korleis ny teknologi endrar produksjonen og distribusjonen av medieinnhald

  • å vise at du kan planleggje, utvikle og presentere eigne medieforteljingar på nye måtar og følgje sjangerkrava

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

Dette arbeidsoppdraget skal de løyse i små grupper.

Lag ein videoblogg om kva som kjenneteiknar den internasjonale mediestrukturen i dag.

Stikkord:

  • global distribusjon av medieinnhald

  • globale kommunikasjonsplattformer

  • mediepolitiske utfordringar

  • kulturpåverking

Oppdraget krev god teoretisk kunnskap og grundig .

Målgruppa er medieelevar i vidaregåande opplæring.

Videobloggen skal ha ei forteljande form, men også problematisere ulike sider ved i vår tid.

Bruk som er typiske for sjangeren videoblogg.

Etterarbeid og eigenrefleksjon

Del videobloggen i ei lukka gruppe i sosiale medium med resten av elevane i klassen og med læraren din. Be dei om å bruke kommentarfeltet til å gi tilbakemeldingar om innhaldet i og forma på videobloggen.

Lag ein individuell refleksjonsrapport der du reflekterer over produksjonsprosessen og det du lærte om den internasjonale mediestrukturen i dag mens du laga videobloggen. Bruk gjerne refleksjonsmalen nedanfor.

Relatert innhald

Fagstoff
Videoblogging og forteljeteknikk

Språkbruk, visuelle verkemiddel og særpreg på førespurnaden til målgruppa er kjenneteikn på personleg forteljarstil hos videobloggarar.