Hopp til innhald
Oppgåve

Lag videoessay om kropp i tekst

Menneskekroppen er skildra i alle moglege sjangrar og medium. Du les om kropp i aviser og bloggar, og du møter bilete av kropp overalt. Lag eit videoessay om kropp i tekst.

Oppgåve

Lag eit videoessay der du reflekterer over kva for kroppar, og kven sine kroppar, som er representerte i tekstar, og på kva for måte. Kva slags kroppar møter vi, korleis blir dei framstilte, og kva haldningar speglar dette?

Eit godt videoessay krev at du har kunnskap om emnet, slik at du kan trekkje inn ulike meiningar og perspektiv. Du skal også reflektere over dine eigne og andre sine synspunkt. I videoessayet ditt er det forventa at du siterer og refererer andre tekstar som klargjer og støttar momenta du har med.

Forslag til framgangsmåte

Bruk ressursane under for å strukturere arbeidsprosessen:

  1. Idéutvikling videoessay

  2. Arbeid med språklege verkemiddel

  3. Skap eit manus med flyt

  4. Praktisk produksjon og etterarbeid

Tips til tekstar om og med kropp i fokus

Les, lytt til og sjå på medietekstar som på ulike måtar tematiserer kropp. Samarbeid gjerne med andre: Del tekstane mellom dykk og noter ned stikkord, gode poeng og sitat de kan bruke i videoessayet.

NB: Hugs å notere ned kvar du hentar ting frå, slik at du får ført kjelda korrekt i rulleteksten.

Forslag til tekstar

Sjå!

Lytt!

Les!

Dokumentaren Kroppen min

Podkastepisoden "Det perfekte mennesket" på NRK

Intervjuet "Representasjon er viktig" på Balansekunstprosjektet

Artikkelen "Med fokus på kroppen" i Norsk medietidsskrift

Carina Elisabeth Carlsen: Kroppspositivist

Debattinnlegget "Hvor er kropper som min?"

Instagramkontoen @mort1rulle

Podkastepisoden "Kroppen som sosiokulturelt fenomen" på Gyldendal

Artikkelen "Slik kan du få sommerkroppen på bare fire uker" hos Avisa Nordland

Den multimodale teksten "Perfekte Johanna" på NRK

Instagramkontoen @teddy.milkshake
Instagramkontoen @danaemercer