Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag mem av nyheiter på dagsordenen

Mem (engelsk "memes") blir spreidde på sosiale medium og kan relaterast til mange ulike tema. Nokre mem er inspirerte av nyheiter på dagsordenen. I denne oppgåva skal du ta utgangspunkt i ei aktuell nyheit og produsere eit mem.
Mem med teksten "Freedom of the press? I'd rather have freedom from the press".

Kva er mem?

Eit mem er eit visuelt uttrykk som blir spreidd på sosiale medium og kan varierast i ulike digitale samanhengar.

Eit mem kan vere eit bilete, ein illustrasjon eller ein video med ein kort tekst som du kan relatere til ulike tema.

Vellykka mem kan spreie seg til mange brukarar, mens mindre vellykka mem døyr ut.

Lag mem inspirert av nyheiter på dagsordenen

  1. Gå inn på tre ulike nettaviser, og skaff deg oversikt over dagens nyheitsbilete. Finn ut kva saker som er på dagsordenen.
  2. Gjer så eit søk på sosiale medium, Google eller Reddit.

    Finn mem som er relaterte til aktuelle nyheitssaker.

  3. Lag eit mem med referanse til ei av nyheitssakene du har funne. Nyhetsmemet skal bestå av eit bilete, ein illustrasjon eller ein video med ein kort tekst som du kan relatere til saka.
  4. Poenget er å bruke humor og skape interesse. Unngå sjikane og personangrep!
  5. Presenter memet ditt for resten av klassen.
  6. Tenk over: Kva bilete gir memet ditt av denne nyheitssaka?
  7. Tenk over: Kva makt har du til å påverke meiningane til klassekameratane dine gjennom dette memet?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020

Læringsressursar

Produser medieforteljingar på nye måtar