Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet produser medieforteljingar på nye måtar
Sjekk kva du har lært om produksjon av nye mediesjangrar og nye medieuttrykk.
Gå gjennom desse punkta og få oversikt:
Eg veit kva eit mem er, og kan lage enkle mem.
Eg veit kva som kjenneteiknar sjangeren videoessay, og eg kan lage enkle videoessay og bruke filmsitat på korrekt måte.
Eg veit korleis eg skal produsere ei fleirmedial nyheitsforteljing.
Eg kan produsere dokumentarar i ulike format.
Eg kjenner til korleis ein går fram i planlegginga og utviklinga av escape rooms, appar og AR-produksjon.
Eg kan bruke det eg har lært om medieproduksjon, i arbeid med mediefaglege problemstillingar.
app
AR
digital historieforteljing
escape room
mem
multimodale tekstar
podkast
skrollhistorie
videoessay