Tenk over
Kva skal til for at noko skal bli oppfatta som eit mem?
Korleis bruker du mem i sosiale medium?
Har mem endra måten vi kommuniserer på?
Kva er eit mem?
Mem er kjent frå sosiale medium, men visste du at eit mem òg kan vere andre kulturelle uttrykk? Kjenneteiknet er at uttrykket blir kopiert og endra slik at det utviklar seg, før det blir delt vidare.
På internett blir mem spreidde som visuelle uttrykk. Eit vanleg format er eit bilete, ein illustrasjon eller ein video med ein kort verbaltekst som utvidar betydinga eller står i kontrast til biletet. Gjennom informasjonskopling blir det skapt ny meining.
Eit mem viser ofte til andre mem eller til hendingar i populærkulturen. Teikneserieruta der Batman slår Robin, har til dømes fått tallause variantar med nytt innhald i snakkeboblene. Språkrådet har laga sin versjon i Språkrådets forklaring av omgrepet mem.
Du kan lage eigne mem ved å kople visuelle element frå velkjende mem til nye verbalbodskapar og på denne måten skape ei heilt ny tyding. Viss du endrar den skriftlege teksten i ingressbiletet, kan du få den samansette teksten til å handle om noko heilt anna. Kva vil du at Spiderman-figurane skal seie til kvarandre?
Verkemiddel i mem
Internettmem har ofte skarp humor, der sarkasme og latterleggjering er mykje brukte verkemiddel. Dei er laga for å skape ein reaksjon og for å delast vidare. Vellykka mem spreier seg til mange brukarar, mens andre døyr ut. Viss du klarer å formidle ein idé fleire kan kjenne seg igjen i, er sjansen større for at memet går viralt.
Føremålet med mem
Formatet blir brukt for å formidle kjappe bodskapar som kan vekkje kjensler på ein effektiv måte. Samtidig blir dei ikkje gjenstand for like kritisk lesing som bodskapar presenterte i andre sjangrar. Vi forstår tekstane i lys av memkulturen, der humor er grunntonen.
Postmodernistiske trekk
Mem som uttrykksform har postmodernistiske trekk. Eit folkeleg uttrykk blir tilgjengeleg for mange, som regel i ein kort periode. Avsendaren er sjølvmedviten og bruker verkemiddel som ironi og intertekstualitet. Intertekstualitet handlar om korleis tekstar refererer eller hintar til andre tekstar. Vi ser ein tekst i samanheng med tekstar vi kjenner frå før.
Mem med politiske konsekvensar
Sylvi Listhaug lånte sjangertrekk frå internett-memet då ho skreiv: "Ap mener rettighetene til terroristene er viktigere enn nasjonens sikkerhet" på eit bilete av tungt væpna, maskerte krigarar. Samansetninga av dei visuelle og dei verbale elementa i teksten skapte ei kopling mellom Arbeidarpartiet og ikkje-vestlege terroristar. Facebook-innlegget fekk massiv kritikk for å spele på konspiratoriske idéar om Arbeidarpartiet og for å innehalde feilaktige og krenkjande påstandar knytte til å kjemping mot terror i Noreg. Saka enda med at Sylvi Listhaug valde å gå av som justisminister 20. mars 2018.
Oppsummering
Mem er ein teksttype som blir delt gjennom sosiale medium. Samspelet mellom skrift og bilete skaper eit nytt og overraskande innhald. Mem blir mest brukte til underhaldning, men dei kan òg påverke haldningar.
Definisjon av mem
Eit mem er eit kulturelt uttrykk som spreier seg ved etterlikning eller kopiering. Uttrykket endrar og utviklar seg når det blir vidareført (Ervik, 2021).
Ordet stammar frå noko som kan imiterast. Som fotoet under viser, kan dette vere ein bruksgjenstand, men no er mem mest kjent som samansette tekstar som blir spreidde i sosiale medium.
Kjelder
Ervik, A. (2021, 1. april). Mem. I Store norske leksikon. https://snl.no/mem
Flaarønning, G., Cosson-Eide, H. & Zondag, M. H. W. (2018, 19. mars). Syv spørsmål og svar om Listhaug-bråket. NRK. https://www.nrk.no/norge/syv-sporsmal-og-svar-om-listhaug-braket-1.13966364
Skei, H. H. (2019, 9. oktober). Intertekstualitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/intertekstualitet