Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: Lag ei tv-nyheitsforteljing

Øv saman på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve i mediefag. Lag ei tv- nyheitsforteljing om noko de er opptekne av, og reflekter over forma og innhaldet.
Silhuettar av fire menneske som gjer eit filmopptak i ein mørk korridor. Ein person med ein stor skulderbag går mot ein ryggjande kameramann. Ved sida av følgjer ein assistent og ein lydmann med ei lang mikrofonstong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Jobb samen i grupper på fire eller fem elevar.

Lag ei tv-nyheitsforteljing om ei aktuell sak i nærmiljøet – ei sak som angår unge menneske.

  • Nyheitsforteljinga skal ha ei form som engasjerer dei som ser på, og som appellerer både til hjarte og hjerne.

  • Målgruppa er unge som bur i byen eller bygda der de bur.

  • Bruk det de har lært om , og i medieforteljingar.

For å løyse denne oppgåva på ein god måte må de jobbe grundig med planlegging og , gjere avtalar med dei som skal vere med, og finne som eignar seg for opptak.

De må også setje av god tid til klipping og ferdigstilling av nyheitsforteljinga.

Individuelt etterarbeid

Lag ein refleksjonsrapport der du beskriv prosessen og produktet. Refleksjonane kan du framføre munnleg for læraren, eller i klassen, mens du viser filmen på storskjerm.

I refleksjonsrapporten kan du til dømes svare utdjupande på desse punkta:

  • Kva idear til form og innhald hadde de i planleggingsfasen?

  • Kva sjanger og kanal har de valt for tv-nyheitsforteljinga? Kva omsyn måtte de ta?

  • Grunngi dei vala de gjorde av tematikk og medverkande.

  • Korleis fordelte de arbeidet i gruppa?

  • Kva problem møtte de på undervegs i produksjonen? Kunne de ha løyst desse problema på ein annan måte?

  • Beskriv og vurder bruken av forteljeteknikk, dramaturgi og verkemiddel i medieforteljinga de laga, og reflekter over samanhengen mellom form og innhald.

  • Kva vil du prøve å gjere betre neste gong du får eit liknande oppdrag?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022

Læringsressursar

Produser medieforteljingar på nye måtar