Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein kortfilm om press

Bruk det de har lært om filmspråk og filmproduksjon, og produser ein kort fiksjonsfilm om temaet press blant ungdom.
Fire tenåringsjenter i sommarklede går gjennom ei gate med kvar sine store, fargerike gåveposar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Del klassen i mindre grupper. Kvar gruppe skal lage ein kort (maks ti minutt lang). Filmen skal handle om press blant ungdom.

1 Førearbeid

Lag tankekart

Start idémyldringa i gruppa med å lage eit felles tankekart, der de skriv og tankar om press blant ungdom.

De kan bruke kortfilmen Det er lov å si nei (2021) nedanfor som inspirasjon.

Synopsis

Begynn arbeidet med å utvikle ideen til ei forteljing. Skriv ein der de har med hovudkarakteren (protagonisten), motstandaren (antagonisten), hovudkonflikten, målet til hovudkarakteren, vendepunktet, klimakset og løysinga. Bruk gjerne skrivemalen nedanfor som støtte i arbeidet.

Filer

Presenter den ferdige synopsisen til andre i klassen og be om innspel. Juster innhaldet på bakgrunn av tilbakemeldingane.

Skriv manus

Skriv eit manus som beskriv handlinga og replikkane i filmen, altså det publikummet skal sjå og høyre. Les gjerne artikkelen "Synopsis, manus og storyboard" og artikkelen "Slik utformar du eit filmmanus".

Bestem visuell stil og opptaksstader

Kva for eit visuelt uttrykk skal filmen ha? Skal det vere røft eller klassisk? Fargar eller svart-kvitt? Korleis vil de ramme inn bileta, lyssetje scenene og bruke kameravinklar og utsnitt for å forsterke historia? Det finst mange ulike måtar å løyse det visuelle på i ein film, som du kan sjå i artikkelen "Skap filmen sin visuelle stil".

De må finne ut kvar de skal filme, sjekke ut stadene og tenkje gjennom kva kostyme og de treng.

Skotliste og storyboard

Etter at de har sjekka ut stadene der de vil filme, kan de lage og . Då er det lettare å skissere bileta som publikum skal få sjå. Ei skotliste er ei skriven oversikt over kvart bilete i filmen dykkar, mens eit storyboard er ei biletframstilling av manuset. Lag gjerne begge delar før de går i gang med opptaka. Bruk gjerne dei føreslegne malane nedanfor i arbeidet.

Filer

Unge kvinner i feststemning i ein bar med mørk belysning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2 Gjennomføring

Øving, førebuingar og opptak

Sørg for at alle som skal delta i filmen, møter godt førebudde til filming. Køyr ein felles gjennomgang av manuset og andre førebuande dokument, øv på replikkar og snakk med fotografen eller fotografane om bileta. Då blir opptaka meir effektive – og betre!

Sjekk at alt utstyret er med, og at alt fungerer. Få tips om korleis de handterer lydopptaka på ein god måte, i artikkelen "Slik får du god lyd i filmen din".

3 Redigering

Klipp, lagre og publiser

Importer opptaksfilene og set saman dei ulike elementa i eit eigna redigeringsprogram. Juster klippen, bileta og lyden og legg eventuelt til fleire effektar. De kan finne musikk, lydeffektar og grafisk innhald via ressursane i artikkelen "Finn innhald du kan bruke og dele".

Hugs å få med tittelen på filmen, og legg inn ein tekst til slutt med produksjonsopplysingar og kreditering av medverkande.

Lagre arbeidet i rett format, til dømes filformatet MP4 med H.264.

Dersom de skal publisere på internett, kan de velje ein streng lisens som CC-BY-NC-ND (namngiving, ikkje kommersiell, inga omarbeiding). Då kan ikkje andre endre arbeidet dykkar eller tene pengar på det. Les meir om lisensar i artikkelen "Det handlar om å dele: Creative Commons".

4 Vurdering

Sjå filmen i klassen og be om tilbakemelding frå læraren og medelevar.

Deretter lagar kvar elev ein skriftleg refleksjonsrapport som eit individuelt arbeid. I rapporten beskriv du prosessen og produktet. Reflekterer over dei vala de gjorde undervegs i produksjonsprosessen. Vurder bruken av utstyr og programvare. Har de oppnådd god nok kvalitet på det ferdige resultatet? I kor stor grad har de vidareutvikla produksjonspraksisen dykkar? Reflekter også over kva du tenkjer om press blant ungdom. Kva fortel historia di om samtida vår?

Dersom du vil, kan du bruke malen nedanfor som støtte i skrivearbeidet.



CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2022

Læringsressursar

Produser medieforteljingar på nye måtar