Fagpresentasjon av eige medieprodukt
Vel ut ein praktisk medieproduksjon du har gjennomført i mediesamfunnet i løpet av året.
Medieproduksjonen skal danne utgangspunkt for ein digital fagpresentasjon.
I presentasjonen skal du gå inn på ulike sider ved produktet og grunngi faglege val. Du skal òg sjå på retoriske strategiar, kjeldebruk, funksjon og dessutan etikk og lovverk.
Presenter medieproduktet: Kva er tema og bodskap? Kva verkemiddel har du brukt for å få fram bodskapen? Vis til konkrete døme.
Innhaldskategori og sjanger: I kva kategori og sjanger vil du plassere medieproduktet ditt? Er det journalistikk, kommunikasjonsarbeid, marknadskommunikasjon eller underhaldning? Peik på sjangertypiske trekk ved produksjonen.
Målgruppe: Kven er målgruppa di? Kva verkemiddel har du brukt for å nå fram til målgruppa? Vis til konkrete døme frå produksjonen.
Retorikk: Korleis bruker du retoriske strategiar i dette medieproduktet? Speler du på logos, patos eller etos for å overtyde og påverke målgruppa di? Kvifor? Grunngi vala dine.
Etikk og lovverk: Korleis har du teke omsyn til etiske retningslinjer i produksjonen? Og korleis har du opptredd med omsyn til opphavsrett?
Kjeldebruk: Vurder din eigen kjeldebruk. Har du dokumentert og vist til kjelder på ein medviten måte?
Funksjon: Diskuter kva funksjon medieproduktet har i samfunnet.
Eigenvurdering: Vurder medieproduksjonen. Kva fungerer bra, kva fungerer ikkje så bra i denne produksjonen?
Hald presentasjonen for resten av klassen.