Hopp til innhald

Medieproduksjon

I dette emnet lærer du å planlegge, utvikle og presentere eigne medieforteljingar på nye måtar. Du finn også rettleiingsressursar som kan hjelpe deg i arbeidet med tekst, foto, lyd og levande bilete.

Rettleiing i videoproduksjon

Å jobbe med levande bilete er ein samansett arbeidsprosess. Videoproduksjon handlar om alt frå konkretisering av idéen, utteikning og filming til redigering og klipping. Her får du tips til ulike delar av produksjonsprosessen og til korleis du kan bruke mobilen din som filmkamera.