Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utforsk karakterar i eit 360-hus, og skap eigne karakterar!

Ein berømt og hardtarbeidande serieskapar sender dykk inn i Huset for å utforske særtrekka til berømte karakterar frå litteratur og film. Kva betydning har dei hatt? Korleis gjer dei oss kjende med menneske i ulike tider? Utforsk, bli inspirerte, og skap eigne karakterar.

Ein berømt serieskapar har hyra dykk inn til å bidra med idéar til ein heilt ny serie som er lagt til 2028. Serieskaparen er særleg oppteken av at skal vere spennande og relevante for dagens ungdom.

"Gjennom serien skal ungdom få treffe karakterar som får dei til å føle og tenkje. Dei vil elske nokre karakterar og hate andre!" utbryt serieskaparen.

Tematikk som berekraft, livsmeistring og medborgarskap er òg nemnd som ein ambisjon for serien.

"Det er viktig å forstå fortida for å vere med å skape framtida!" seier denne eksentriske og mystiske serieskaparen. "Eg vil ha karakterar og historier som gir innleving, som gjer inntrykk på publikum!"

Innleving i karakterar

Gjennom alle tider har vi menneske late oss underhalde og søkt meining og trøyst i forteljingar. Vi lever oss inn i personar som lever andre liv, og vi kjenner oss igjen i sorger og gleder, i utfordringar og meistring. Vi har empati med personane, vi lever oss inn karakterar i seriar, filmar og romanar, og vi går gjennom det same som dei.

Sterke opplevingar i møte med karakterar i historieforteljingar kalla dei greske filosofane for katarsis, som betyr "reinsing" eller "atterføding". Katarsis skjer når menneske får sterke opplevingar gjennom historier om andre sin lagnad.

I dag kallar vi desse opplevingane gjerne for avkopling. Innleving i forteljingar om karakterar som møter og løyser problem, gir oss kvile, eit friminutt frå vår eiga røynd. I nokre tilfelle heng opplevingane igjen. Nokre karakterar og det dei går gjennom, set spor og gir erfaringar som vi tek med oss vidare.

Utforsk karakterane i Huset

I Huset utforskar du ulike karakterar og finn ut kva eigenskapar dei har – som karakterar – i samtida si og som representantar for oss menneske.

Sju karakterar og rebusløp i Huset

  • Kvar karakter er eit rebusløp.

  • Følg lenka for ei enkel omvising: Omvising i Huset

Ulik vanskegrad

💚 Grøn: lett (Pippi Langstrømpe og Oskeladden)

💙 Blå: middels (Batman og Gollum)

🧡 Raud: utfordrande (Gunnlaug Ormstunge og Nora Helmer)

🖤 Svart: svært utfordrande (Karl Ove Knausgård)

Huset 360 er utvikla av Plott AS.

1: Utforsk og studer ein eller fleire karakterar

Vel deg ein eller to karakterar. De kan òg samarbeide om å setje dykk inn i fleire av dei.

  1. Kva for sentrale eigenskapar har karakteren?

  2. Korleis oppfører karakteren seg med og mot andre? Kven er dei andre karakterane, og kva eigenskapar har dei?

  3. Korleis taklar karakteren omgivnadene (verda)?

  4. Kva fortel karakteren og forteljingane oss om den tida då dei vart skapte?

  5. Finn de ut meir om karakterane? Søk både i skriftlege kjelder og video, på biblioteket og på nett.

2: Undersøk ein valfri karakter

Du er sikkert fasinert over ein karakter frå ei bok, ein serie eller ein film. Still dei same spørsmåla til denne karakteren som du stilte til karakterane i Huset.

Søk og finn informasjon i ulike kjelder. Spør gjerne òg andre kva dei synest om akkurat denne karakteren.

3: Skap ein karakter sjølv

No er det din tur. Finn opp og skap ein karakter (eller fleire karakterar).

  1. Kva for sentrale eigenskapar har karakteren? Kva heiter karakteren, og kva gjer han eller ho? Kva tenkjer du er særleg interessant ved karakteren?

  2. Korleis oppfører karakteren seg med og mot andre? Kven er dei andre karakterane, og kva eigenskapar har dei? Lag gjerne skissa til ein dialog. Kva med å teikne ei skisse av karakteren og/eller lage moodboard?

  3. Korleis taklar karakteren omgivnadene sine og verda?

4: Pitch karakteren til serieskaparen

Den berømte serieskaparen er menneskesky, sit stort sett gøymd bort i eit hjørne i Huset og skriv manus så tastaturet slår sprekkar.

Send ein pitch på eitt minutt i eit valfritt videoformat, og overtyd denne ambisiøse, arbeidsame og fryktlause serieskaparen om at pitchen din er verd å lytte til.

5: Sjå pitchar i klassen og diskuter karakterane

Kva karakterar ønskjer de å vite meir om i klassen? Kvifor? Kva karakterar vil kome til å redde verda? Kven har nok med seg sjølve? Korleis vil karakterane kome til å møte og kome seg gjennom ulike utfordringar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2021

Læringsressursar

Analyse av medieforteljingar