Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet analyse av medieforteljingar

Forteljingar er strukturerte handlingsgangar om karakterar med bestemte mål. Medieforteljingar er forteljingane vi møter i media, og vi bruker narrativ analyse for å avdekkje meininga. Her kan du sjekke kva du har lært om dette emnet.

Kva har du lært om analyse av medieforteljingar?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva ei forteljing er, og kva som skil forteljingar frå andre typar tekstar.

  • Eg kan skilje mellom fiktive og ikkje-fiktive medieforteljingar.

  • Eg veit kva ei nyheitsforteljing er, og kan forklare forskjellen mellom lineære forteljingar og hypertekst-forteljingar.

  • Eg kjenner til ulike dramaturgiske modellar og kan bruke desse i analyse av medieforteljingar.

  • Eg kan reflektere over samanhengen mellom form og innhald i fotografi og kunstbilete, reklame, nyheitsforteljingar, musikkvideoar, reality-seriar, dokumentarar og digitale forteljingar.

  • Eg veit kva narrativ analyse er, og korleis eg kan gå fram når eg blir beden om å analysere ei medieforteljing.

Sjekk om du kan desse fagomgrepa