Teikneseriane sine superheltar
Supermann og Fantomet er representantar for dei klassiske superheltane. Etter kvart har det oppstått mange ulike typar superheltar. Heltane i X-Men er til dømes mislikte mutantar, og i Watchmen er teikneserieuniverset fylt av skadeskotne og mislykka heltetypar.
I 2012 dukka det opp ein ny, norsk-eritreisk superhelt. Læraren Malcolm Tzegai Madiba kjempar mot kriminalitet og korrupsjon i den fiktive storbyen Capital City – utkledd som superhelten The Urban Legend. Superhelten tok også opp kampen mot koronaviruset under covid-19-pandemien.
Utforsk Batman i læringsressursen "Huset".
Nokre medieforskarar hevdar at dei tradisjonelle superheltane er reaksjonære og konservative. Korleis trur du forskarane grunngir dette standpunktet?
Les artikkelen "Superhelt i norsk tegneserie tar opp kampen mot koronaviruset" på Utrop.
Kva effekt trur du slike teikneseriar kan ha i kampen mot ein pandemi?Les artikkelen "De nye superheltene" på NRK.
Korleis speglar superheltane normer og verdiar frå den kulturen og tidsepoken dei er blitt til i?
I kva grad er slike framstillingar med på å sementere (halde ved lag) fortida sine normer og verdiar?
I kva grad kan ein superhelt endre måten folk tenkjer på?
- Kva kvalitetar meiner du ein superhelt bør ha?
Relatert innhald
Teikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie.
Dei fleste teikneseriehefta har faste heltar eller gjennomgangsfigurar. Tidlegare var teikneseriar om superheltar svært populære.