Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser dokumentaren Exit Through the Gift Shop

Exit Through the Gift Shop er ein dokumentarfilm. Han er laga av Banksy, ein verdskjend gatekunstnar. Banksy er kjend for å lage små og store graffiti-kunstuttrykk med samfunnskritisk innhald. Kva vil han med filmen?

Er han samfunnskritisk også her? Vil han gjennom filmen avsløre og kritisere noko spesielt, slik han gjer det i graffitikunsten sin?

  1. Kva handlar filmen om?
  2. Kva for sjanger er det?
  3. Søk på nett og finn fram til fem fakta om filmen du synest er interessante.
  4. Kva kjenneteiknar forteljeteknikken som er brukt i filmen?
    • Kva kjenneteiknar filmklippinga og måten klippa er sett saman på?
    • Kva for informasjon får vi gjennom lydsporet? Korleis blir musikk brukt?
    • Korleis er forteljinga og dramaturgien bygd opp?
  5. Det kan verke som om dette er ein veldig godt gjennomført mockumentary, altså ein film som gir seg ut for å vere ein dokumentar, men utan å vere det. Gjer søk på nett og undersøk kva som kjenneteiknar ein "mockumentary".
    • Kva for verkemiddel i filmen til Banksy er felles med typiske verkemiddel brukt i "mockumentaries"?
    • Kva gjer desse omgrepa med korleis vi oppfattar filmen og korleis vi forventar at filmen skal fortsetje?
  6. Ein dokumentar er ikkje '"sann", sjølv om han er "sannare" enn ein rein fiksjonsfilm.
    • Kva er sant og kva er mindre sant i dokumentarfilmen til Banksy?
    • Kva handlar filmen eigentleg om?
    • Kva vil Banksy med filmen?
  7. Er graffiti kunst?

Oppgåvesett etter ein ide av Knut Einar Skjær

Relatert innhald

Filmen er laga av Banksy. Han handlar om Thierry Guetta, ein fransk immigrant i Los Angeles som er oppslukt av å filme alt han kjem over.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2018

Læringsressursar

Analyse av medieforteljingar