Hopp til innhald

Mediemedvit

Emnet mediemedvit handlar om korleis du og andre bruker media, og om korleis media påverkar identiteten din og samfunnet rundt deg. Du lærer å vere ein kritisk mediebrukar, og du får kunnskap om dei juridiske og etiske rammene som gjeld for publisering.

Forsking på media

Formålet med forsking er å få ny kunnskap om eit fenomen. Forskarar tilnærmar seg media på ulike måtar, til dømes gjennom bruksstudiar eller kultiveringsstudiar. I dette emnet lærer du å drøfte ulike teoriar, og korleis du kan tileigne deg ny kunnskap gjennom metodisk utforsking.