Medie- og informasjonskunnskap 2
Bygger på:Medie- og informasjonskunnskap 1
Mediemedvit
Emnet mediemedvit handlar om korleis du og andre bruker media, og om korleis media påverkar identiteten din og samfunnet rundt deg. Du lærer å vere ein kritisk mediebrukar, og du får kunnskap om dei juridiske og etiske rammene som gjeld for publisering.
Kritisk mediekompetanse
Mediekompetanse handlar om å ha brei kompetanse på medium. Kritisk mediekompetanse handlar om å bruke denne kompetansen til å reflektere over betydninga media har for samfunnet, og for deg som individ, både i positiv og negativ forstand.