Journalistar blir truga og sensurerte
Journalistar sin rett til ytringsfridom, det vi kallar pressefridom, er forankra i artikkel 19 i FNs menneskerettsfråsegn:
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.
Eit viktig oppdrag for journalistikken er å sikre fri flyt av informasjon, slik at borgarane veit kva som skjer, og kan gjere bevisste val. I autoritære regime kan styresmakter og andre maktaktørar oppleve dette som ein trugsel. Pressefridommen er derfor truga i mange land.
Russland
I nyare tid har mange uavhengige medium blitt stengde i Russland etter skuldingar om statsfiendtleg aktivitet. Fem journalistar i opposisjonsavisa Novaja Gazeta har blitt drepne, mellom anna den kjende opposisjonelle journalisten Anna Politkovskaja. I alt er 58 journalistar drepne i Russland dei siste 30 åra (tal frå 2021).
Filippinane
Ifølgje Maria Ressa, den eine av dei to fredsprisvinnarane i 2021, har det aldri vore så farleg og risikabelt å jobbe som journalist som det er i dag. Ho får dagleg drapstrugslar, og opplever av styresmaktene på Filippinane til stadigheit rettsforfølgjer ho for påståtte lovbrot. Målet er å få ho til å teie om maktmisbruk og krenkingar av grunnleggjande menneskerettar.
Sjå intervjuet der Maria Ressa blir truga på livet av den filippinske presidenten Rodrigo Duterte, på nrk.no: Forfulgt og truet på livet – nå får hun Nobels fredspris
Tyrkia
I 2020 blei to tyrkiske journalistar fengsla, og dei risikerer opptil ni år bak murane etter å ha omtalt gravferda til ein tyrkisk etterretningsoffiser. I 2021 var heile 43 tyrkiske journalistar bak lås og slå, skulda for å ha fornærma presidenten eller formidla informasjon styresmaktene definerer som "statsfiendtleg".
I Kina og Nord-Korea er det streng statleg kontroll av både redaksjonelle og sosiale medium. Andre autoritære regime stengjer periodevis tilgangen til internett for å få kontroll over befolkninga.
Døme på slike regime er Myanmar, Etiopia og Kviterussland, der styresmaktene jamleg stengjer sosiale medium for å forhindre fri informasjonsflyt.
Dette rammar i neste omgang også dei redaksjonelle media, som er avhengige av tilgang til augevitneskildringar frå område og hendingar der dei sjølve ikkje får tilgang.
Etiopia
Styresmaktene i Etiopia er mellom anna skulda for å hindre at brot på menneskerettar og eventuelle krigsbrotsverk i Tigray-provinsen blir kjende, ved å både nekte journalistar tilgang og stengje sosiale medium.
Når media set søkjelys på menneskelege lidingar, blir verdssamfunnet tvinga til å handle. Derfor er det viktig at både journalistar og andre medieforteljarar synleggjer at mange menneske i verda manglar grunnleggjande menneskerettar.