Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Medieforteljingar frå fronten

I krigssituasjonar oppstår det mange medieforteljingar. Nokre er rein krigspropaganda, nokre er forsøk på å skildre det som faktisk skjer, og nokre er forteljingar om heltane og antiheltane i krigen. Du kan velje om du vil jobbe med éi av oppgåvene eller alle.

Oppgåve 1: Helten på barrikadane

Sjå traileren til spelefilmen Kongens nei. Tyske troppar invaderte Noreg 9. april 1940. Kongen og regjeringa evakuerte frå Oslo med tog til Elverum. Tyskarane sende ein utsending til Trysil med krav om å innsetje Vidkun Quisling som ny statsminister. Kong Haakon 7. nekta å gi etter for det tyske kravet.

24. februar 2022 invaderte Russland nabolandet Ukraina. Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj valde å bli i hovudstaden Kyiv og ta opp kampen mot den russiske okkupasjonsmakta.

Retorisk analyse

  1. Analyser og samanlikn retorikken i dei to medietekstane nedanfor og beskriv den retoriske situasjonen.

  2. Samanlikn effekten av radio og YouTube som mediekanal for slike ytringar.

  3. Kva betydning trur du desse talane fekk for befolkninga i høvesvis Noreg og Ukraina? I kva grad trur du talane påverka den tyske og russiske okkupasjonsmakta?

Tekst 1: Les kong Haakon 7.s radiotale "Opprop til det norske folk, mai 1940" på kongehuset.no.

Tekst 2: Sjå Ukrainas president Volodymyr Zelenskyjs tale til det ukrainske folket 4. februar 2022 (Vimeo). Under finn du ei norsk omsetjing av talen.

Norsk omsetjing av talen til Zelenskyj

I dag tok eg initiativet til ein telefonsamtale med Russlands president. Resultatet? Tausheit. Men eigentleg burde det heller vore stille i Donbas. Derfor kjem eg med ein appell til det russiske folket. Ikkje som president. Men som borgar av Ukraina.

Vi deler meir enn 2000 kilometer med grense. Langs denne grensa står hæren dykkar – nesten 200 000 soldatar og tusenvis av militære køyretøy. Leiarane dykkar har godkjent at denne hæren kan krysse grensene til eit anna land. Dette steget kan vere starten på ein stor krig på det europeiske kontinentet.

Heile verda snakkar om kva som kan skje dei komande dagane. Ei årsak til konflikt kan oppstå når som helst, og kva hending eller provokasjon som helst kan vere gneisten som utløyser ein øydeleggjande brann. De har blitt fortalde at denne brannen vil gi fridom til det ukrainske folket. Men det ukrainske folket er allereie fritt. Det hugsar fortida si, og det vil byggje si eiga framtid. Det ukrainske folket byggjer framtida, det øydelegg ho ikkje, sjølv om de blir fortalde det motsette på tv kvar einaste dag. Ukraina i nyheitssendingane dykkar og Ukraina i verkelegheita er to heilt ulike land. Den viktigaste forskjellen er at vårt Ukraina er verkeleg.

De blir fortalde at vi er nazistar. Men korleis kan ein nasjon bli kalla nazistisk når han har ofra meir enn åtte millionar liv for å utrydde nazismen? Korleis kan eg vere nazist? Sei det til bestefar min, som under heile andre verdskrigen var infanterist i Den raude armeen og døydde som oberst i eit uavhengig Ukraina.

De blir fortalde at vi hatar russisk kultur. Men korleis kan ein hate ein kultur? Naboar vil alltid berike kvarandre kulturelt. Det gjer ikkje at dei blir eitt folk, men det skaper heller ikkje grunnlag for å dele inn menneske i "oss" og "dei". Vi er ulike, men forskjellen er ingen grunn til å vere fiendar. Vi vil velje vår eigen veg og byggje vår eiga historie. Fredeleg, roleg og ærleg.

De blir fortalde at eg har tenkt å gi ordre om eit angrep på Donbas. Ordre til å skyte. Til å bombe. Sjølv om det finst spørsmål – og dei er veldig enkle: ordre til å skyte kven? Til å bombe kva? Donetsk, der eg har vore mange gonger? Eg har sett ansikta og auga til dei som bur der. Artyoma-gata, der eg har gått saman med vener? Donbass Arena, der eg saman med mange andre heia på fotballandslaget vårt under europameisterskapet? Sjtsjerbakov-parken, der eg drakk saman med vener då gutane våre tapte? Luhansk, staden der mora til min beste ven bur, staden der far hans er gravlagd?

Eg snakkar på russisk til dykk no. Likevel er det ingen i Russland som kjenner til dei namna, gatene og hendingane eg snakkar om. Dei er framande og ukjende for dykk. Dette er vårt land. Dette er vår historie. Kva vil de kjempe for? Og mot kven?

Mange av dykk har besøkt Ukraina før, og mange av dykk har slektningar her i Ukraina. Nokre av dykk har studert ved universiteta våre. Blitt vener med ukrainarar. De kjenner karakteren vår, folket vårt og prinsippa våre. De veit kva vi verdset høgast. Derfor: Lytt til dykkar eiga indre stemme, til argument, til sunn fornuft. Lytt til oss.

Det ukrainske folket ønskjer fred. Ukrainske styresmakter ønskjer fred. Vi ønskjer fred, og vi skaper fred. Vi gjer alt som står i vår makt, for å få det til.

Vi er ikkje åleine, det er sant. Ukraina får støtte frå mange land. Kvifor? Fordi dette ikkje handlar om fred utan omsyn til kostnaden. Vi snakkar om fred, om prinsipp og om rettferd. Om internasjonal folkerett, sjølvråderett og retten til å bestemme si eiga framtid. Om sikkerheita som alle samfunn har krav på, og om retten kvar enkelt har til eit liv utan trugslar. Alt dette er viktig for oss. Alt dette er viktig for fred. Eg veit at det også er viktig for dykk.

Vi ønskjer ingen krig. Ingen kald krig, ingen varm krig, ingen hybridkrig. Men dersom vi blir angripne av soldatar, dersom dei prøver å ta landet vårt, fridommen vår, livet vårt eller livet til barna våre, vil vi forsvare oss. Vi angrip ikkje, vi forsvarer oss. Angrip de oss, vil de sjå ansikta våre. Ikkje ryggane – ansikta våre.

Krig er ei stor ulykke, og krigen har ein høg pris på alle moglege måtar: Folk mistar pengane sine, ryktet sitt. Dei mistar livskvaliteten, fridommen. Og det viktigaste: Dei mistar sine kjære – og seg sjølve. Krig fører alltid til tap og mangel på mange ting. Det einaste som finst i overflod, er smerte, skit, blod og død. Og tusenvis, titusenvis av døde.

De har blitt fortalde at Ukraina er ein trugsel mot Russland. Det var ikkje sant før, det er ikkje sant no, og det kjem heller ikkje til å vere sant i framtida. De vil ha sikkerheitsgarantiar frå Nato. Vi vil også ha garantiar for sikkerheita vår. Frå dykk. Frå Russland og frå dei statane som har underteikna Budapest-memorandumet.

I dag er vi ikkje medlemmer i nokon sikkerheitsallianse. Ukrainas sikkerheit heng saman med sikkerheita til nabolanda. Det er derfor vi no snakkar om sikkerheita til heile Europa. Men hovudmålet vårt er fred i Ukraina og sikkerheita til innbyggjarane våre. Vi vil at alle skal vite dette, også de. Ein krig tek frå oss alle garantiar. Ingen vil vere garanterte sikkerheit.

Kven vil lide mest? Folket. Kven er mest imot krig? Folket. Kven kan stoppe han? Folket. Finst det slike menneske blant dykk? Eg er sikker på det: offentlege personar som journalistar, musikarar, skodespelarar, idrettsutøvarar, forskarar, legar, bloggarar, standupkomikarar, TikTok-arar og fleire. Vanlege folk, enkle folk: menn, kvinner, gamle, unge, fedrar og – aller viktigast – mødrer.

Folk i Ukraina er like mykje mot krig – same kor mykje nokon prøver å overtyde dykk om det motsette.

Eg veit at denne talen ikkje vil bli vist på russisk fjernsyn, men det russiske folket må sjå han. Det må få vite sanninga. Og sanninga er at dette må stoppe før det er for seint.

Dersom styresmaktene i Russland ikkje vil snakke med oss for å få til fred, kanskje dei vil snakke med dykk. Vil folket i Russland ha krig? Eg skulle gjerne kunna svare på dette spørsmålet. Men svaret må kome frå dykk: det russiske folket.

Takk.

Talen er transkribert og omsett til norsk av Mari-Jeanne Schjetne og Malin Sanden.

Oppgåve 2: Forteljingar om den amoralske fienden

I krigssituasjonar er bilete ein viktig del av krigspropagandaen. Bilete kan brukast til å latterleggjere, opphøgje eller ynkeleggjere personar eller til å avsløre fienden som amoralske individ.

Foto av to menn i mørk dress som sit ved kvar sin ende av eit kjempelangt kvitt bord i eit presidentpalass.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Biletet ovanfor er offentleggjort av det statlege russiske nyheitsbyrået Sputnik. Kvifor trur du Sputnik valde nettopp dette motivet i omtalen sin av den franske presidenten sitt møte med Putin i februar 2022?

  2. Korleis blei biletet tolka i Vest-Europa? Kva kan grunnen vere til at russarar og vest-europearar tolkar slike bilete på ulik måte?

  3. Korleis brukte den ukrainske presidenten dette biletet i krigspropagandaen sin? Les artikkelen "Zelenskyj til Putin: – Jeg biter ikke. Hva er du redd for?" på nrk.no.

  4. Det er laga svært mange mem (memes på engelsk) baserte på dette biletet. Finn fram til fem ulike mem, beskriv kva avsendaren bruker, og beskriv kva er.

Foto av ein soldat med uniform og hjelm som viser fram handflata, der han har teikna inn eit fredssymbol.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3: Journalistar på leiting etter sanninga

  1. Då Russland invaderte Ukraina i februar 2022, rapporterte journalistar frå NRK, TV 2, VG og Aftenposten direkte frå frontlinja. Kva utfordringar står journalistar overfor når dei skal finne ut kva som er sant og usant i ein slik situasjon?

  2. Les artikkelen "Aftenposten og Klassekampen i klinsj over Ukraina-dekning: – Nedtonet faren for krig" på Kampanje.com, publisert 1. mars 2022. Kvifor trur du desse to norske avisene dekkjer konflikten på ulik måte?

  3. Norske medium har fått kritikk for at dei i altfor stor grad har opptredd som lojale talerøyr for styresmaktene og Nato i dei krigane Noreg har vore involverte i. Diskuter i klassen kor nøytrale norske medium bør vere i skildringa si av Russlands okkupasjon av Ukraina vinteren 2022.

Oppgåve 4: Krig i sosiale medium

Les artikkelen "TikTok flommer over av russisk krigspropaganda" på nrk.no.

Faktasjekk-nettstaden Faktisk.no gir råd om korleis du kan sjekke sanningsverdien i informasjonen du får om krigen i Ukraina. Les artikkelen "Slik vurderer du informasjon om krigen i Ukraina" på Faktisk.no.

  1. Kva går råda til Faktisk.no ut på?

  2. Korleis kan du unngå å spreie krigspropaganda?

Oppgåve 5: Forteljingar om kvardagsheltane ved fronten

Portrettfoto av ein smilande mann med skinnjakke og grått hår og skjegg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I perioden frå 1998 til 2000 var Eritrea i krig med Etiopia. Titusenvis av menneske døydde i denne krigen. Den største gruppa av flyktningar som til no har søkt om vern i Noreg, kjem frå Eritrea.

På nrk.no finn du podkastserien Tomms afrikanske fortellinger, med NRKs mangeårige Afrika-korrespondent Tomm Kristiansen. Lillian Grønning er lyddesignar for serien. Lytt til podkastepisoden "Gøran ble drept i krigen og gravlagt i Eritrea. Kan noen hente ham?" på nrk.no.

  1. Kva er ein forteljande ?

  2. Korleis er forteljinga bygd opp?

  3. Kva verkemiddel og blir brukte, og kva effekt har desse verkemidla?

  4. Kva er det som grip deg mest ved denne forteljinga?

  5. Kven er helten i forteljinga? Gå saman med ein medelev og reflekter over kva typar krigsforteljingar vi vanlegvis får kjennskapar til.

Oppgåve 5: Kollektiv og individuell heroisme

Ein krig vinn ein sjeldan åleine, sjølv om mange krigsfilmar handlar meir om individuell enn om kollektiv heroisme. Heroisme betyr heltemot.

Foto av tre unge norske menn med sykkel, sigarettar og klede frå 1940-talet. Dei spaserer nedover Karl Johans gate i Oslo mens tyske troppar marsjerer inn i byen.

Jobb saman i grupper. Kvar gruppe analyserer tre ulike krigsfilmar. Gruppa vel sjølv kva filmar dei vil utforske.

  1. Kven er helten eller heltane i forteljingane? Kven er fienden?

  2. Kva eigenskapar har heltane i filmforteljingane?

  3. Kva eigenskapar har fienden i filmforteljingane?

  4. Handlar filmane om individuell eller kollektiv heroisme?

  5. Kva fortel måten filmane skildrar krig på, om og menneskesyn i den perioden filmforteljingane går føre seg i, og i den tida filmane blei laga i?

  6. Er filmane aktuelle i vår tid? Kvifor? Kvifor ikkje?

I NDLA film finn du mange fiksjonsfilmar som handlar om menneske som kjempar mot kvarandre i krig. Men de kan også jobbe med filmar de har sett på kino eller i ei anna .

Sjå læringsressursen "Krig og konflikt" på NDLA film.

Sjå også læringsstien "Norske okkupasjonsdrama".

Relatert innhald

Krigsjournalistikk skildrar krig og konfliktar frå ulike vinklar. Det er store kontrastar mellom historiene til generalane og dei sivile krigsoffera.

Propaganda og fiendebilete høyrer òg til vår tid. «Krigen mot terror» kom til dømes som eit svar på terrorangrepa 11. september 2001.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda