Skriftleg oppgåve om mediestrategi og propaganda
Målet med denne oppgåva er
å forstå korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser
å reflektere over presseetiske utfordringar i media sin omtale av terrorhandlingar
å bruke faglege omgrep og teoriar til å skrive ein fagartikkel
Forklar og gi døme på kvart av desse omgrepa:
mediestrategi
propaganda
cyberkrig
terrorisme
Les Sven Egil Omdals mediekommentar Mediestrategi for terrorister.
Skriv eit utkast til eit nytt kapittel i Ver Varsam-plakaten som beskriv korleis journalistar bør omtale terrorhandlingar.
Legg vekt på å formulere punkta i kapittelet ditt i tråd med resten av kapitla i Ver Varsom-plakaten.
Presse.no: Ver Varsam-plakaten.
Skriv ein fagartikkel på inntil 1000 ord om korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av nasjonale styresmakter og terrorgrupper som ønskjer å oppnå bestemte militære eller politiske mål.
Relatert innhald
Ein fagartikkel er ein akademisk sjanger der du skal utforske og gjerne drøfte.