Analyser og samanlikn norske NS-plakatar - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Analyser og samanlikn norske NS-plakatar

Bruk fagomgrep til å analysere propagandaplakatar frå andre verdskrigen.

Oppgåver

1. Beskriv kvar av dei tre plakatane ved hjelp av desse omgrepa:

  • denotasjonar
  • bruk av symbol
  • konnotasjonar
  • bodskap

2. Kva fellestrekk har dei tre plakatane?

3. Kva føremål trur du avsendarane av desse plakatane hadde?

4. Kva verknad trur du slike plakatar ville ha hatt på norske ungdommar i dag?

Skrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018