Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmen Kapernaum og rettane til barn

Filmen Kapernaum vann den prestisjetunge juryprisen i Cannes i 2018. Rettane til barn er eit viktig tema i filmen. Studer anslag og synsvinkel, og diskuter nokre av dei problemstillingane filmen tek opp.

Oppgåve 1: Rettane til barn

Ein spelefilm er ei medieforteljing som gir deg høve til å leve deg inn i og forstå andre sine tankar, kjensler og levevilkår. Før du går igang med oppgåvene, må du sjå filmen Kapernaum av den libanesiske regissøren Nadine Labaki.

  1. Ordet capharnaüm har ei meir allmenn tyding på fransk. Finn den norske omsetjinga. Bruk til dømes ei digital ordbok.
  2. Korleis samsvarer tittelen på filmen med historia som blir fortald?
  3. FN har vedteke ein eigen barnekonvensjon, med rettar som gjeld alle barna i verda. Kva for rettar er tekne med i konvensjonen?

  4. Kva for barnerettar manglar hovudpersonen Zain i filmen?

Oppgåve 2: Anslaget

Ved å studere forteljemåte og verkemiddel får du ei djupare forståing av det filmen vil formidle. Sjå nøye gjennom dei første minutta av filmen, fram til 08:10.

  1. Kva for nokre viktige karakterar blir vi presenterte for i anslaget?
  2. Beskriv miljøet desse personane er ein del av.
  3. Korleis er barna vi møter i anslaget påverka av oppvekstmiljøet?
  4. I dei første scenane får vi fleire skifte mellom fugleperspektiv og normalperspektiv. Kva vil regissøren oppnå med dette?
  5. Beskriv plottet vi blir presenterte for i anslaget.

Oppgåve 3: Synsvinkel

I dei fleste filmane ser vi barn med dei voksnes auge. Filmen Kapernaum skil seg ut fordi synsvinkelen ligg hos eit barn. Gi døme frå filmen der perspektivet til barnet kjem til uttrykk gjennom bruk av filmatiske verkemiddel.

Gut løper gjennom slumgate. Foto.

Oppgåve 4: Hovudpersonen

  1. Beskriv hovudpersonen Zain: Kven er han, og kva eigenskapar har han? Beskriv hendingar som stadfestar denne personkarakteristikken.
  2. Korleis utviklar Zain seg i løpet av filmen? Lag ei kort liste over scenar i filmen som illustrerer denne utviklinga.
  3. Rolla som Zain blir spelt av norske Zain Al Rafeea. Familien hans flykta til Libanon frå borgarkrigen i Syria. Seinare kom dei til Noreg og er no busette i Hammerfest. Den libanesiske regissøren ønskte at filmen skulle vere realistisk, og Zain blei plukka ut til å spele hovudrolla på bakgrunn av eit tilfeldig møte på gata i Beirut. Trur du at denne forma for casting har noko å seie for truverdet til filmen? Kvifor (ikkje)?

Oppgåve 5: Tema til refleksjon

Etter at de har sett filmen, kan de diskutere problemstillingane nedanfor i klassen. Alternativt kan de velje ei av problemstillingane som tema i ei drøftingsoppgåve, gjerne i samarbeid med norskfaget:

  1. Er barn eigedommen til foreldra? Bør alle foreldre ha rett til å ha barn? Når bør barnevernet gripe inn?
  2. Kva kan gjerast for at alle barna faktisk er sikra dei rettane FN har vedteke?
  3. Den norske regjeringa har som politikk at Noreg primært skal hjelpe flyktningar i nærområda deira, det vil seie nær heimlandet eller heimstaden dei har mått flykte frå. Diskuter dette prinsippet i lys av filmen Kapernaum.

Relatert innhald

Filmen Kapernaum viser nød og fattigdom i slummen frå perspektivet til ein tolvåring.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2020

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda