Munnleg-praktisk oppgåve: Utforsk temaet religion og ytringsfrykt
Ein studie gjort av Irene Trysnes og Ronald Mayora Synnes ved Universitetet i Agder i 2021, viser at unge med minoritetsbakgrunn vegrar seg for å dele religiøst innhald på sosiale medium. Set dykk grundig inn i denne studien.
Klassen skal samarbeide om å utforske samanhengen mellom religiøs tilhøyrsel og ytringsfrykt i eige lokalsamfunn.
Om ønskjeleg, kan oppdraget gjennomførast som eit tverrfagleg prosjekt i faga medie- og informasjonskunnskap 2 og religion og etikk.
Førebuingsfasen
Som ei førebuing går gjennom elevane relevante ressursar i verktøykassa til NDLA, som handlar om forskingsmetode, forskingsetikk og rapportering.
Problemstilling
Kvar elev lagar utkast til ei problemstilling som undersøkinga skal klargjere, og presenterer denne for klassen.
Klassen vel deretter ut éi av desse problemstillingane som utgangspunkt for vidare utforsking.
Forskingsmetodar
For å klargjere problemstillinga skal de bruke tre ulike metodar:
ei anonym, digital spørjeundersøking blant unge som tilhøyrer to ulike religionar / religiøse miljø
ei kvalitativ intervjuundersøking der de intervjuar to eldre ungdommar som tilhøyrer ulike religionar / religiøse miljø
ein grundig studie av datagrunnlaget som viser forholdet mellom religion og ytringsfridom i Fritt ord sin rapport frå 2021: Hva mener befolkningen om ytringsfrihetens grenser?
Gjennomføring
Læraren fordeler arbeidsoppgåver gruppevis. Her er ei liste over arbeid som må utførast:
innhente løyve til å samle inn data
førebu og gjennomføre spørjeundersøkinga
laga intervjuguide og gjennomføre djupneintervju
gjennomføre dokumentstudiet og hente ut relevant informasjon og datagrunnlag
analysere data og setje dei funna som blir gjorde inn i ein teoretisk samanheng
utarbeide og redigere forskingsrapporten
Hugs å innhente skriftleg løyve før spørjeundersøkinga blir gjennomført, og at informasjonen de får må behandlast konfidensielt (fortruleg), sidan det dreier seg om personlege opplysningar.
Diskuter til slutt dei funna de har gjort i samla klasse.
Finst det ytringsfrykt blant religiøse ungdommar der de bur?
Dersom ikkje, kva kan grunnen vere?
Kvifor er ytringsfrykt eit demokratisk problem?
Kva kan de gjere for å sikre at alle torer å ytre seg fritt?
Kva lærte de av dette forskingsprosjektet?
Under "Relatert innhald" finn de nyttig rettleiing i korleis de kan gjennomføre eit tverrfagleg elevforskingsprosjekt.
Relatert innhald
Ei innføring i ulike metodar du kan bruke til å utforske eit fenomen: observasjon, spørjeundersøking, kjeldestudium, feltarbeid og statistisk analyse.