Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stereotypiar – nyttige eller skadelege?

Kan stereotypiar både vere til nytte og til skade? Kva trur du? Dette er noko av det du skal diskutere i desse oppgåvene.
Ei kvinne dekt til med nikab og ein mannleg konservativ jøde med hatt, skjegg og krøllar som heng ned framom øyra. Dei to står ansikt til ansikt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Funksjonen til stereotypiane

Diskuter i par eller grupper:

  • Kvifor trur de stereotypiar finst?

  • Kva funksjon har stereotypiar?

Oppgåve 2. Nytte eller skade?

Drøft om stereotypiar er nyttige, eller om dei er skadelege. Gjer greie for argument for begge sider.

Oppgåve 3. Stereotypiar om samar

Det samiske urfolket har i seinare tid fått betra rettane sine som eit særeige folk, og kunnskapen om samisk kultur og samfunn har auka. Trass i dette eksisterer det framleis mange etniske stereotypiar knytte til dei. Kva døme på stereotypiar kjem du på, og kvifor trur du akkurat desse skil seg ut?

Oppgåve 4. Minoritetar

  1. Utforsk om det er andre minoritetsgrupper som folk flest har stereotypiar om. Kva stereotypiar er det snakk om?

  2. Gjer eit intervju med nokon som er ein del av minoritetsgruppene de har utforska. Kva stereotypiar kjenner vedkomande om si eiga gruppe, og har hen nokon opplevingar (positive som negative) knytte til stereotypiane?

    Gjennom å gjennomføre eit intervju får de forankra undersøkingane i empiri og reelle døme.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Kultur og religion i media