Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Stigmatisering og fordommar i medieforteljingar

Oppgåve

Stigmatisering og jødehat i media

I denne oppgåva skal du studere ulike forskingsrapportar og offentlege dokument som handlar om stigmatisering av jødar i norske medium. Du skal også skaffe deg oversikt over historia til antisemittismen i Europa.

Oppgåve 1

Sjå den svenske dokumentarfilmen Antisemittismens historie. Filmen varer i sju minutt.

  1. Kvifor hata så mange europearar den jødiske minoriteten?

  2. Korleis bidrog raseteoriar til å stigmatisere jødar, og kva konsekvensar fekk det?

  3. Korleis påverkar konflikten mellom staten Israel og Palestina synet på jødar i Skandinavia i dag?

  4. Kva er forskjellen mellom ein jøde og ein israelar?

Oppgåve 2

I 2020 deltok Live T. Tveit (19), Thelma P. W. Sundby (19) og Elisa T. Bakken (18) frå Elvebakken vidaregåande skule i ein forskingskonkurranse i regi av Holbergprisen i skulen.

Dei undersøkte kva bilete Adresseavisen og Aftenposten gav av den jødiske minoriteten i Noreg i åra rett før andre verdskrigen.

Studer forskingsrapporten Ikke bare mellom linjene: antisemittisme i norsk presse i årene 1938–1939

  1. I avsnitta "Analyse og diskusjon" og "Avsluttende diskusjon" side 13-17 gjer elevane greie for dei viktigaste funna i dette forskingsprosjektet. Kva går desse funna ut på?

  2. Dersom skulen din har tilgang til andre avisarkiv, kan du samanlikne framstillinga av jødar i Adresseavisen og Aftenposten med måten andre aviser framstilte jødar på i same periode.

Oppgåve 3

  1. Det har vore fleire valdelege handlingar retta mot jødar og jødiske mål i Europa det siste tiåret. Søk etter informasjon på nettet og beskriv fem hendingar som har kravd menneskeliv.

  2. Søk etter informasjon om konspirasjonsteoriar om jødar som i dag blir spreidde i sosiale medium. Kva går desse konspirasjonsteoriane ut på?

  3. Studer Institutt for samfunnsforskings rapport frå 2019 Antisemittisme på nett og i sosiale medier i Norge: kjennetegn, avsendere og motvirkning.
    Kven er dei viktigaste avsendarane av antisemittiske ytringar på nett og i sosiale medium i Noreg?

Oppgåve 4

Studer forskingsrapporten Medialiserte fordommer? Unge jøders opplevelse av mediedebatten om rituell omskjæring av gutter

  1. Korleis meiner forfattaren at medialisering bidreg til fordommar mot omskjering av jødiske gutebarn?

  2. Korleis meiner forfattaren at skulen kan bidra til å nyansere medialiserte fordommar?

Oppgåve 5

Studer Kommunal- og moderniseringsdepartementets handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023.

I handlingsplanen viser departementet til ein studie gjennomført av European Union Agency for Fundamental Rights (FRA) i 2018. Studien viste at 28 prosent av europeiske jødar hadde opplevd trakassering i løpet av det siste året. Departementet viser også til ei norsk undersøking gjennomført av Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar, der det går fram at to av tre jødar i Noreg skjuler religionstilhøyrselen sin i offentlegheita for å unngå negative reaksjonar.

  1. Kvifor er det å halde eigen identitet hemmeleg ein trussel mot ytringsfridom og demokrati i Noreg?

  2. Vurder i kva grad dei tiltaka regjeringa beskriv i handlingsplanen, vil styrkje ytringsfridommen til norske jødar.

Relatert innhald

Fagstoff
Religion og medialisering

I eit medialisert samfunn bidreg media til å forme og endre religiøse førestillingar og religiøs praksis.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022