Medieperspektiv på by og bygd - Medie- og informasjonskunnskap 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Medieperspektiv på by og bygd

Kulturell identitet skaper spenningar i forholdet mellom by og bygd. Tilliten til media blir svekt når dei blir oppfatta som talerøyr for ein urban elite. Urbane medieforteljingar framstiller naturen som villmark, og bygdefolk som eksotiske eller sidrumpa. Men no er eit bygdeopprør på gang.

Heimstad og kulturell identitet

Ifølge journalisten David Goodhart heng kulturell identitet saman med kor tett knytt du er til heimstaden din. I analysen sin deler han befolkninga i to grupper: "somewheres" og "anywheres".

"Somewheres" er menneske som er sterkt knytte til heimstaden og den kulturen dei har vakse opp i. Dei bur ofte i utkantstrok, har låg utdanning og er lite mobile. "Somewheres" set pris på stabilitet, slekt og tradisjonelle kjønnsroller.

"Anywheres" er menneske som ikkje knyter identiteten sin til heimstaden sin, men "shoppar" identiteten sin frå ulike kulturar. Dei har gjerne høg utdanning, er mobile og kan kjenne seg heime mange stader. Det er ofte "anywheres" som har maktposisjonane i samfunnet.

Globalisering skaper kulturelle spenningar mellom by og land

er ei samfunnsutvikling der varer, tenester og kulturelle verdiar flyt fritt på tvers av landegrenser. Globalisering kan verke truande på menneske med sterk tilknyting til eige lokalmiljø. Gruppa "anywheres" ser derimot på globalisering som ei positiv samfunnsutvikling.

Synet på globalisering skaper spenningar i forholdet mellom by og land, men òg mellom innbyggarar som tilhøyrer same nærmiljø. Denne spenninga blir spegla både i den politiske debatten og i debattar om media si rolle som kulturformidlarar.

"Somewheres" og "anywheres" i mediedebatten

Konflikten mellom "somewheres" og "anywheres" er lett synleg på debattsidene i dei store regionavisene. Ytringane til samfunnseliten får ofte tyngde i form av kronikkar og debattinnlegg på ei heilside. "Somewheres" kjem stort sett til orde i kortare lesarinnlegg og i kommentarfelta til nettavisene.

Eit raskt blikk på lesarinnlegga i regionavisene kan tyde på at menneske med låg utdanning og tradisjonelle verdiar

  • har ei generell mistru til politikarar og medium

  • har ei kjensle av å vere offer for maktmisbruken til eliten

  • er opptekne av verdidebattar som sjeldan står på den redaksjonelle dagsordenen

Brølet frå bygda

I samband med stortingsvalet 2021vart det laga ein dokumentarserie: Brølet fra bygda på NRK. Serien synleggjer eit folkeleg opprør i Bygde-Noreg mot sentralisering og det som blir opplevd som kulturarroganse frå makteliten. For NRK-profilen Hege Moe Eriksen vart dette ein augeopnar.

Før har jeg for det meste dekket opprør ute i verden. Jeg er blitt veldig overrasket over hvor dyp misnøyen faktisk er flere steder her hjemme og hvor stor mistilliten til systemet er blant enkelte. Om ikke rikspolitikerne lytter, kan det straffe seg for dem, tror jeg. (Hofsrud, 2021)

Urbanisering og kulturell kapital

Bourdieu bruker omgrepet kulturell kapital om det å meistre dei kulturelle kodane som har status i eit samfunn. Det er makteliten som bestemmer kva for nokre kulturelle kodar som har status, og kva for nokre av dei som blir rekna som mindreverdige.

Urbanisering er ein prosess der befolkning, marknader og tenester flyttar seg frå bygd til by. I 1830 budde 87 prosent av den norske befolkninga på landsbygda, mens det i 2019 var 82 prosent av den norske befolkninga som var busett i byar eller tettstader. Noreg er i dag i stor grad eit urbanisert samfunn.

Synet på kultur i eit urbanisert samfunn er ofte prega av ei førestilling om at kulturen i dei store byane er overlegen kulturen i mindre bygdesamfunn.

Urbanisering av den offentlege samtalen

Media speglar den kulturen vi lever i. Samtidig bidreg media til å forme biletet vi har av ulike samfunnsgrupper, og til å legge premissane for den offentlege samtalen.

Riksdekkande medium som Aftenposten, VG, Dagbladet, NRK og TV 2 er alle lokaliserte i Oslo. TV 2 har rett nok ei mindre avdeling i Bergen. Dei som jobbar i desse mediehusa, er stort sett busette i urbane strok. Mange vil hevde at riksmedia bidreg til å spreie urban kultur.

På tv-skjermen er det ofte dei same deltakarane som går igjen, anten det dreier seg om politiske kommentatorar eller kjendisar i lettbeint underhaldning. Desse urbane "rikssynsarane" har derfor stor innverknad.

NRK tek vare på og formidlar nasjonal kultur

Som allmennkringkastar har NRK ansvar for å formidle og ta vare på ein nasjonal kultur som inkluderer ulike samfunnsgrupper. Dette er formulert slik i NRK-plakaten (2019):

§ 17 NRK skal formidle norsk kultur og en bred variasjon av norske kunstuttrykk fra mange ulike kunstnere, uavhengige miljøer og kulturinstitusjoner. NRK skal formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljøer.

§ 18 NRKs tilbud skal gjenspeile Norges religiøse arv og mangfold av livssyn og religion i det norske samfunnet.

§ 20 NRK skal reflektere det geografiske mangfoldet i Norge og ha et godt lokalt tilbud. NRK skal vere til stede i alle fylker.

Når kongen taler på nyttårsaftan, eller når bilete av jublande barnetog og norsk natur rullar over tv-skjermen på 17. mai, forsterkar det kjensla av at vi alle tilhøyrer ein felles nasjonal kultur.

Ifølge NRK-plakaten skal NRK formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljø. Dette oppdraget blir spegla i programkonsept som Stjernekamp, og ikkje minst i ei rekke kvalitetsdrama laga for barn og unge. Men ein trong medieøkonomi gjer at underhaldningstilbodet til NRK i aukande grad består av produksjonar laga av og med folk frå det sentrale Austlandsområdet, eller produksjonar som er kjøpte frå utlandet.

Distriktskontora til NRK har i alle år bidrege til geografisk mangfald. Føremålet var i utgangspunktet å likestille by og land. Men kontora har vorte færre og dekker stadig større regionar. I dag er distriktskontora til NRK stort sett lokaliserte i mellomstore byar, ikkje ute i Bygde-Noreg. Ei slik lokalisering motverkar i mindre grad urban dominans.

Les debattinnlegg

Torill Olsen har skrive eit innlegg i avisa Nationen: "Hvis media løper maktens ærend".

Kvifor meiner ho nærvære er ein grunnleggjande føresetnad for god journalistikk?

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Dei romantiske filosofane var kritiske til den moderne sivilisasjonen. Idealet var urørt natur og kultur som gjennom hundrevis av år hadde levd i folkedjupet. På 1800-talet var mange norske forfattarar og målarar opptekne av å skildre det dei opplevde som uforderva norsk natur og bygdekultur. Ei slik tilnærming blir kalla nasjonalromantikk.

I moderne medieforteljingar finn vi òg døme på at natur, villmarksliv og bygdekultur blir løfta fram som og . Det kan vere historier om menneske som utfordrar naturkreftene, eller som vel å bu i ei tømmerhytte i skogen utan innlagt vatn eller innlagd straum.

Eit slikt nasjonalromantisk syn på natur og bygdekultur pregar til dømes NRKs programserie Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og TV 2s realityseriar Farmen og 71 grader nord.

Medieforteljingane speglar i liten grad livet til folk flest i Bygde-Noreg. Grunnen til at mange likevel blir fascinerte av slike program, kan vere at dei står fram som ein eksotisk kontrast til livet i storbyen.

Optimisme og avmakt i distriktsjournalistikken

I Noreg er regional- og lokalpressa viktige arenaer for formidling av bygdekultur og distriktsjournalistikk. Av dei riksdekkande avisene er det stort sett berre Nationen som er oppteken av livet på bygda.

Ifølge Svein Frisvoll, direktør i Ruralis, fortel norsk journalistikk to heilt motsette historier om Distrikts-Noreg. Den eine kallar han optimisthistoria, den andre avmaktshistoria.

Eit døme på ei optimisthistorie er tv-reportasjen om det unge paret som flyttar ut av storbyen og etablerer seg med heimekontor i fjellbygda. Der opplever dei ei indre ro, nyt naturen, har lågare buutgifter og kan gle seg over eit nært forhold til naboane.

Avmaktshistorier kan vere forteljingar om verksemder og skular som blir lagde ned, rasutsette vegar som aldri blir prioriterte, eller korleis unge gutar på bygda slit med å få seg kjærast.

Alle desse historiene er sanne. Men når avmaktshistoriene dominerer journalistikken, påverkar det førestillingane vi har om bygdekultur og distriktspolitikk på ein negativ måte.

Stereotype førestillingar om bygdeungdom

Er ungdom i Distrikts-Noreg veldig forskjellig frå unge som veks opp i urbane strok?

Media presenterer ofte eit forteikna bilete av bygdeungdommar som gammaldagse, treige og sidrumpa. Kven har ikkje sett filmar der gutar i tresko og kjeledress frå Felleskjøpet bruker heile fritida på å henge på den lokale bensinstasjonen?

Men dette biletet stemmer ikkje. I 2020 samanlikna NOVA-forskar Anders Bakken liva til ungdom frå distrikta med liva til ungdom som bur i meir sentrale område. Han fann få forskjellar:

– Uansett hvor ungdom bor viser funnene at de aller fleste lever gode liv og driver med mange av de samme fritidsaktivitetene. Siden rammene rundt ungdomslivet kan være forskjellig i distriktet og i sentrale strøk, så er det overraskende at det er så mange likhetstrekk. (Ungdata, 2020)

Video: Runar Nybø / CC BY-SA 4.0

Planet Ørsta

Denne animasjonen vart opphavleg posta på YouTube-kontoen Planet Ørsta. Kva slags bilete gir animasjonen av bygdekulturen på Sunnmøre?

Er videoen eit forsøk på å latterleggjere bygdeungdommar, eller er det sunnmørsk sjølvironi?

Best når det gjeld

Men det finst òg medieforteljingar der bygdeungdommar opptrer som heltar og framgangsrike førebilete. Sportsreportasjar i aviser, radio og tv er døme på slike narrativ.

Både i sommar- og vinteridrett har spreke ungdommar frå Ulsteinvik, Dalsbygda, Simostranda, Mosvik og Målselv vist at det er dei som er best når det gjeld.

Viktige omgrep

Kjelder

Amundsen, B. (2018, 28. mars). Kan populisme forklares med "somewheres" og "anywheres"? forskning.no. https://forskning.no/skole-og-utdanning-innvandring-ny/kan-populisme-forklares-med-somewheres-og-anywheres/279467

Bakken, A. (2020). Ungdata: Ung i Distrikts-Norge (NOVA Rapport 3/20). NOVA, OsloMet. https://hdl.handle.net/20.500.12199/2983

Frisvoll, S. (2021, 8. desember). Har vi kunnskapen Bygde-Norge trenger? Nationen. https://www.nationen.no/motkultur/faglig-snakka/har-vi-kunnskapen-bygde-norge-trenger/

Haug, M. (2019, 4. november). Mer enn 8 av 10 bor i tettsteder. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/mer-enn-8-av-10-bor-i-tettsteder

Hofsrud, Ø. (2021, 7. juli). - Veldig overrasket over den dype misnøyen flere steder her hjemme. Kampanje. https://kampanje.com/medier/2021/07/sommerpraten-med-hege-moe-eriksen/

Myhre, J. E. (2020, 21. oktober). Byvekst og bygdemiljø. I Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/bygging-av-stat-og-nasjon/1403-byvekst-og-bygdemiljo.html

NRK. (2019, 19. desember). Vedtekter og NRK-plakaten. https://info.nrk.no/vedtekter/#plakaten

Ungdata. (2020, 25. februar). Overraskende likt ungdomsliv i by og bygd. https://www.ungdata.no/overraskende-likt-ungdomsliv-i-by-og-bygd/#

Weihe, H.-J. W. (2019, 27. mai). Pierre Bourdieu. I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/954396

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022