Eigenvurdering for emnet kultur og religion i media
Gå gjennom desse punkta og få oversikt:
Eg forstår korleis media kan bidra til å utvikle og halde oppe stereotypiar og fordommar, og kan avsløre slike haldningar i ulike medieuttrykk.
Eg veit kva omgrepet medialisering betyr, og kan gi døme på korleis medialisering påverkar religion og kultur.
Eg veit kva populærkultur er, og korleis religion og kultur kjem til syne i populærkultur.
Eg forstår kvifor frykt for stigmatisering kan vere ein trussel mot ytringsfridommen i Noreg.
Eg kan drøfte og gi døme på korleis media kan fremje respekt og forståing for menneske som er ulike meg sjølv.
Eg kjenner til teoriane til David Goodhart og Pierre Bourdieu om kulturelle forskjellar mellom ulike befolkningsgrupper, og forstår korleis desse teoriane kan brukast til å forklare spenningar mellom bykultur og bygdekultur.
globalisering | urbanisering | medialisering |
"somewheres" | "anywheres" | sosialkonstruktivisme |
representasjon i media | populærkultur | kulturell kapital |