Hopp til innhald
Fagartikkel

Religion, identitet og ytringsfrykt

Ein studie gjord ved Universitetet i Agder viser at unge med minoritetsbakgrunn vegrar seg for å dele religiøst innhald på sosiale medium. Kva er årsaka til dette? Kva betyr det for utviklinga av identiteten til unge? Og kvifor kan ytringsfrykt vere ein trussel mot demokratiet?
Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Religiøs sjølvframstilling og ytringsfrykt

I samfunn der individet står i sentrum, kan vi til ein viss grad setje i scene vår eigen identitet. Gjennom sjølvframstilling i sosiale medium viser vi oss fram som unike individ. Samtidig synleggjer vi at vi tilhøyrer ei gruppe og har noko til felles med andre. Summen av signala vi sender ut, bidreg til at menneska rundt oss oppfattar oss på ein bestemd måte.

I 2021 gjennomførte religionssosiologane Irene Trysnes og Ronald Mayora Synnes ved Universitetet i Agder (UiA) ein studie av kva rolle religionen speler i sjølvpresentasjonen til unge muslimar og kristne på sosiale medium. Undersøkinga viser at unge muslimar og kristne med minoritetsbakgrunn vegrar seg for å dele religiøst innhald på sosiale medium.

Minoritetsungdommane er også redde for å delta i debattar der religion er eit tema. Gutar med muslimsk bakgrunn var mest engstelege for negative reaksjonar, mens frykta var mindre hos muslimske jenter som brukte hijab. Desse jentene torde å forsvare religiøse verdiar i diskusjonar i sosiale medium.

Unge fryktar negative sanksjonar

Studien viser at minoritetsungdommar er redde for å bli sosialt ekskluderte når dei ytrar seg om religiøse tema. I eit sekulært samfunn som Noreg utgjer menneske med religiøs overtyding ein minoritet, sjølv om dette kan variere noko frå landsdel til landsdel.

Det er lett å ha fordommar mot menneske som ikkje er heilt like oss sjølve, og tenkje at dei har eigenskapar dei eigentleg ikkje har. Minoritetsgrupper er ofte utsette for og ekskludering.

Unge er spesielt sårbare for utanforskap sidan det er i ungdomstida vi etablerer dei sosiale nettverka som definerer kven vi er, og synleggjer kva verdiar vi ønskjer å assosiere oss med.

Redde for å bli stigmatiserte som ekstremistar

Mange av minoritetsungdommane som deltok i studien, ønskte å unngå konfliktar og diskusjonar der religion var eit tema. Dei var redde for å bli stigmatiserte og stempla som ekstremistar.

Det er kanskje ikkje så underleg, sidan kommentarfelta i sosiale medium er fulle av nedsetjande og sjikanerande ytringar om annleistenkjande. Stigmatisering og fordommar rammar spesielt norske muslimar.

Redde for ikkje å få jobb

Studien viser vidare at minoritetsungdom fryktar at religiøse ytringar i sosiale medium kan bli brukte mot dei som arbeidssøkjarar på eit seinare tidspunkt. Tidlegare studiar har vist at det å opplyse om arbeidserfaring frå religiøse organisasjonar og synleggjere den religiøse tilhøyrselen sin på CV-en gir mindre moglegheit til å bli kalla inn til jobbintervju. Dette gjeld uansett kva for etnisk eller kulturell bakgrunn arbeidssøkjaren har.

Ytringsfrykt som demokratisk problem

Ytringsfridom er ein føresetnad for reelt demokrati. Media har ansvar for at alle får moglegheit til å delta i den offentlege samtalen, uavhengig av etnisitet, religion og kultur.

I eit slikt perspektiv er det eit demokratisk problem at nokon er redde for å møte negative sanksjonar når dei ytrar seg i sosiale medium og gir til kjenne identiteten sin.

Ungdom og ytringsfrykt

Ytringsfrykt avgrensar det handlingsrommet du som ung har til å delta aktivt i demokratiet, anten du tilhøyrer ein minoritet eller ein majoritet.

Les gjerne dette debattinnlegget i VG (2021), signert Ungdommens ytringsfrihetsråd: Ingen skal tvinge stemmer til taushet

Kjelder

Synnes, R. M. (2022, 22. februar). Minoritetsungdoms ytringsfrykt. Universitetet i Agder. https://www.uia.no/forskning/kronikker/minoritetsungdoms-ytringsfrykt

Synnes, R. M. & Trysnes, I. (2021). The Role of Religion in Young Muslims' and Christians' Self-presentation on Social Media. SAGA Open. https://doi.org/10.1177/11033088211063368