Kultur og religion i media
Media er spegelbiletet til kulturen. I denne spegelen kan vi få auge på og avsløre stereotypiar av og fordommar mot menneske som er ulike oss sjølve. Samtidig påverkar og endrar media samfunn og kultur. Denne prosessen blir kalla medialisering.