Hopp til innhald
Oppgåve

Er media nyttige idiotar?

I denne oppgåva skal klassen diskutere forholdet mellom aksjonsmakt og mediemakt med utgangspunkt i eit debattinnlegg og ein mediekommentar.

For aksjonistar er det viktig å bli sett og høyrt i media. Då er sjansen større for at den saka dei brenn for, hamnar på den politiske dagsordenen. Jo høgare konfliktnivået er, jo større er sjansen for at media fattar interesse.

Utgangspunktet for denne oppgåva er mediekommentaren "Odins nyttige idiotar" og debattinnlegget "Har skapt et feil bilde av vindkraftmotstanderne". Begge tek for seg forholdet mellom aksjonsmakt og mediemakt.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Odins nyttige idiotar

Odins soldatar er vonleg varig demobiliserte, og hettegenserane lagde på loftet saman med Pegida-flagga. Det er på tide å snakke om dei som er nyttige idiotar for ekstremistane, journalistane.

  1. Les Sven Egil Omdals mediekommentar "Odins nyttige idiotar" og Linda Rekkavik Linds debattinnlegg "Har skapt et feil bilde av vindkraftmotstanderne". Noter viktige stikkord om forholdet mellom aksjonsmakt og mediemakt i dei to tekstane.

  2. Jobb deretter saman i grupper på tre elevar. Kvar gruppe utformar tre moglege problemstillingar til ein klassedebatt om forholdet mellom aksjonsmakt og mediemakt.

  3. Alle gruppene presenterer problemstillingane sine for klassen. Klassen vel så ut tre sentrale problemstillingar med ulike vinklingar til ein klassedebatt om aksjonsmakt og mediemakt.

  4. Køyr debatt i klassen! Legg vekt på å bruke fagomgrep i debatten, og hugs å underbyggje argumenta dine med den kunnskapen du har om media som aktør og arena i eit demokratisk samfunn.

Relatert innhald