Hopp til innhald
Fagartikkel

Media si definisjonsmakt

Gjennom definisjonsmakta kan media få gjennomslag for sin versjon av verkelegheita. Dette kan igjen prege korleis publikum tolkar og forstår samfunnet.

Definisjonsmakt er ei form for usynleg makt som kjem til uttrykk på mange ulike måtar, til dømes i korleis media bruker språket, korleis minoritetar blir beskrivne, og kva kjelder som slepper til i media. Dette kan igjen prege korleis publikum tolkar og forstår samfunnet. Dette er ein type mediepåverknad som kan verke over lang tid. Definisjonsmakt betyr å ha makt til å påverke korleis folk oppfattar eit fenomen, og kva meiningar dei utviklar.

Kven slepper til i media?

Gjennom definisjonsmakta kan media presentere bestemde bilete av samfunnet, og dei har makt til å få gjennomslag for versjonen sin av verkelegheita. Media kan påverke kva og kven som slepper til i offentlegheita. Korleis skal dagens nyheitsbilete presenterast, og kven skal brukast som kjelder og intervjuobjekt? Dette er spørsmål som får konsekvensar for kva bilete som blir presenterte av samfunnet.

Media blir av og til skulda for å presentere eit bilete av samfunnet som harmonerer med det som fleirtalet definerer som dei "rette" meiningane og for å la ei avgrensa gruppe menneske, den såkalla eliten, sleppe til med meiningane sine. Ofte går dei same "ekspertane" eller "synsarane" igjen i alle kanalar, rett og slett fordi dei har medietekke og lever opp til kravet media har til formidlingsevne og underhaldningsverdi.


Media si rolle i sosialiseringsprosessen


Media kan vere ein viktig aktør når det gjeld sosialisering og meiningsdanning. Dei kan til dømes vere med på å forme oppfatninga vår av kvinne- og mannsrolla i samfunnet. Familie, skule og media blir sett på som dei tre viktigaste faktorane i sosialiseringsprosessen i eit moderne samfunn. Sosialisering betyr at vi lærer å tenkje og oppføre oss i tråd med dei sosiale normene som gjeld i eit samfunn.

Media overfører kunnskap frå ein generasjon til ein annan, men dei er òg med på å formidle ny kunnskap og setje fokus på bestemde område. Media kan derfor spele ei viktig rolle for korleis meiningar blir danna i eit samfunn.

I ein valkamp er dei fleste av oss klare over at politikarane som uttaler seg i media, prøver å forme meiningane våre i ei bestemd retning. Vi er kanskje ikkje like klare over at vi utset oss for meiningspåverknad når vi ser Dagsrevyen eller Paradise Hotel?


Medieinnhald blir tolka og blir omarbeidd

Media kan påverke haldningane til befolkninga, men offentleg meiningsdanning er komplisert. Det er viktig å vere klar over at publikum ikkje får medieinntrykk passivt. Medieinntrykk blir tolka og blir omarbeidd aktivt. Kunnskap, verdiar og personlege erfaringar er faktorar som speler inn på korleis vi lèt oss påverke av media.

CC BY-SA 4.0Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2020