Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn moment til ein fagartikkel om filmen Maktens menn

Kva fortel filmen Maktens menn om makta til media i det amerikanske samfunnet og i vårt eige samfunn? Kvifor er originaltittelen The Ides of March, og kva har dette med Shakespeare å gjere?

Om filmen

Maktens menn er ein amerikansk spelefilm frå 2011 som byggjer på skodespelet Farragut North (2008) av Beau Willimon. Willimon og George Clooney er manusforfattarane av filmen.

Hovudpersonen i filmen er den unge pressetalsmannen Stephen Meyers. Saman med kollegaene sine jobbar han på spreng for at guvernør Harris (George Clooney) skal vinne primærvalet i Ohio og dermed ha størst moglegheit til å bli demokratane sin presidentkandidat.

Oppgåve 1

Originaltittelen på filmen, The Ides of March, har klare referansar til William Shakespeares skodespel Julius Cæsar. Cæsar var ein romersk keisar som vart myrda i Senatet på den dagen som romarane kalla Idus Martiae 44 f.Kr. Sjølv om den romerske staten i prinsippet var styrt av ei forsamling av likemenn, låg den reelle makta hos nokre få utvalde menn.

Søk etter meir informasjon på nettet om filmen, om Julius Cæsar og om Shakespeares drama. Kvifor har filmen originaltittelen The Ides of March, trur du?

Oppgåve 2

Sjå filmen, heime eller i klassen. Noter moment frå filmen som du vil ha med i ein fagartikkel om valkamp og mediemakt

Oppgåve 3

Samanlikn momenta med det du veit om makta til media i samband med norsk valkamp.

  • Kva likskapar finn du?

  • Kva forskjellar finn du, og kva kan årsakene vere til desse forskjellane?

  • Maktens menn vart laga i 2011. Sidan den gong har sosiale medium vorte ein viktig del av mediemakta. Korleis trur du sosiale medium ville ha påverka valkampen som filmen skildrar?

Oppgåve 4

Samanfatt og diskuter svara i klassen.

Relatert innhald

«Maktens menn» er George Clooneys fjerde spelefilm som regissør. Filmen handlar om politisk kommunikasjon og journalistikk i den amerikanske valkampen.


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2021

Læringsressursar

Mediemakt