Hopp til innhald
Fagartikkel

Redaksjonelle medium som maktaktørar

Dei redaksjonelle media har ansvar for å avsløre maktmisbruk og stille makthavarane til ansvar. Men media har òg sjølv makt. Dei kan setje dagsorden og bestemme kven som slepp til i den offentlege samtalen.

Media som "portvakter"

I norske medieredaksjonar skjer det dagleg ei prioritering av stoff. Vi seier at media har ein . Dei siler ut kva hendingar som blir til nyheitssaker, bestemmer korleis sakene skal presenterast, og kva for røyster som skal sleppe til.

Media har dermed makt til å bestemme kva og kven som slepp til i offentlegheita. Mange saker og kjelder blir prioriterte bort og får dermed ikkje offentlegheita si merksemd. Prioriteringane er med på å forme oppfatninga vår av det samfunnet vi lever i og den verda vi er ein del av.

Den svenske professoren Hans Rosling er kritisk til at media berre fokuserer på konfliktar og elende og lèt vere å fortelje om alt det positive som skjer rundt om i verda.

Sjå YouTube-klippet: Don't use news media to understand the world

Media set dagsorden

Når media lagar nyheitsoppslag om til til dømes utbygging av vindkraft eller lokalisering av sjukehus, blir det raskt eit samtaleemne, både blant politikarar og folk flest. Pressa set på denne måten både for den politiske debatten og .

Politiske parti, organisasjonar og bedrifter har dei seinare åra teke konsekvensen av media sin dagsordenfunksjon og har tilsett eigne medierådgivarar som veit korleis dei kan fange merksemda til media i saker dei sjølv ønskjer å setje på dagsorden.

Når ulike aktørar på denne måten tilpassar seg logikken til media, får vi ein medialisering av den offentlege samtalen. Samtalen går då føre seg på premissane til media.

Journalistar aktørar i eigen dagsorden

Dei redaksjonelle media blir ofte kalla for demokratiet si vaktbikkje. Men journalistar og redaktørar klarer ikkje alltid å leve opp til desse ideala, for dei blir utsette for ulike typar press. Presset kjem både innanfrå og utanfrå. Journalistar er sjølv ein del av maktapparatet. Minst like ofte som dei tek på seg referentrolla, er journalistane aktørar med eigne dagsordenar.

Martin Eide er professor og medieforskar ved Universitetet i Bergen. Han peikar på tre forhold som gjer media til maktaktørar.

1. Avsløringsidealet

Avsløringsidealet står sterkt i pressa. Journalistar jobbar for å avsløre maktmisbruk og stille dei mektige til ansvar. Slik vil dei vere ein reiskap for den vesle mannen og kvinna. Dette er vel og bra i passelege dosar, men det kan gi journalistar eit ganske oppblåst sjølvbilete.

Avsløringar gir prestisje. Det blir derfor lett til at småsaker blir blåst opp og tek altfor mykje av merksemda vår. Ein statsråd som har rota med nokre kvitteringar eller gløymd å oppgi ei mindre inntekt, blir hengt ut som ein forbrytar. Underforstått har ein avslørt ein uærlegdom, og denne blir kopla til jobben som politikar. Men kanskje er det ikkje slik det heng saman. Kanskje kan ein vere ein god og reieleg politikar, men likevel kome i skade for å gjere feil privat.

Tenk over

Kjenner du til ei nyheit om ein politikar som anten har rota med reglar i eigen økonomi eller misleghalde offentlege midlar?

2. Journalistisk logikk

Journalistar har stor makt fordi dei rår over ”den journalistiske logikken”. Mellom anna inneber denne at verda kan forståast gjennom enkeltpersonar og sterke kjensler. Media gir ofte sakene sine ei personvinkling og bruker enkeltpersonar som utgangspunkt når dei tek opp ulike tema og problem. Slik blir alt frå svoltkatastrofar til endringar i statsbudsjettet vinkla. Dette er ikkje alltid nok til å kaste skikkeleg lys over ei sak. Den journalistiske logikken er god til noko, men ikkje til alt.

3. Krav til inntening

Dei fleste av dagens medium har kommersielle eigarar. Her er vi ved ei anna utfordring som møter media i dag, nemleg kravet til inntening.

For å få mediedrifta til å gå i balanse – og helst med overskot – må det knipast inn på utgiftene, noko som har ført til nedbemanning i media den siste tida. Samtidig veit vi at god journalistikk kostar pengar. Gravande journalistikk er spesielt tidkrevjande og ”dyr i drift”. Samtidig er denne forma for journalistikk spesielt viktig for samfunnet og demokratiet.

Les meir i Oslomet - Forskningsnyheter: Gravejournalister kan trenge kunstig intelligens framover (oslomet.no)

CC BY-SA 4.0Skrive av Trude Løvskar, Eva Sophie Wolff-Hansen og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 23.09.2021