Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva tankar gjer du deg om omgrepet makt?

Du har sikkert høyrt ordet makt mange gonger. Men har du nokon gong verkeleg grubla over kva det å ha makt eigentleg vil seie?
Mange mennesker danner tilsammen siluetten av en mann med kraftige muskler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter omgrepet makt med ein medelev:

  • Kva vil det seie å ha makt?
  • Korleis kan makt brukast?
  • Kva type makt ser du eller opplever du i kvardagen? Heime, på skulen, i samfunnet?
  • Kva er ein god måte å utøve makt på?
  • Kva er dårleg utøving av makt?

Dersom du synest det medeleven din seier, ikkje er tydeleg nok, så be han eller henne utdjupe og forklare meiningane sine. Våg også å stille kritiske spørsmål til kvarandre. Det lærer begge mykje av.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2017

Læringsressursar

Mediemakt